Webinar 14. juni klokka 19.00: Merete Henden og Lennart Jølle i samtale om boka "Skriv for livet!"

Korleis kan du bli ein betre skrivelærar? Måndag 14. juni klokka 19.00 inviterer LNU og Fagbokforlaget til eit bokbad med forfattar Merete Henden og styreleiar i LNU, Lennart Jølle.

Det er når du skriv sjølv at du forstår kva det vil seie å vere ein skrivar. Dette er ein grunntanke i boka til Merete Henden, Skriv for livet! Boka utfordrar lesaren til å tenke gjennom kva det vil seie å vere ein skrivar - ikkje berre på skolen, men i livet. Korleis kan lærarar hjelpe elevane til å bli glade i å skrive?

Merete Henden møter Lennart Jølle, ny styreleiar i LNU, til ein samtale om norsklæraren si rolle i skriving og skriveopplæring, og kva for verktøy og teknikkar som er nyttige å bruke.

Det er enkelt å delta, og heil gratis. Det eneste du treng er PC, mobil eller nettbrett med internettilgang. Du treng ikkje webkamera eller mikrofon.

(Passar ikkje tidspunktet? Meld deg på likevel, så får du opptak av presentasjonen rett i innboksen etterpå!)

Skriv for livet.jpg
Print Friendly and PDF

LNU sine tilbakemeldingar på eksempeloppgåver til norskeksamen for yrkesfag

Norsklæraren 2-21

Norsklæraren 2-21