Norsklæraren 2-21

Norsklæraren 2-21

 

Svaret på alt.

 Dei av oss som var litt smånerdete på ungdomsskulen eller forelska i ein nerd på vidaregåande, veit at svaret på alle dei store spørsmåla i livet er 42. Det har nemleg datamaskinen Deep Thought i science fiction-klassikaren The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy rekna seg fram til.

I vår har eg tenkt mykje på den datamaskinen. Og ønskt at han kunne rekne ut kva svaret på den perfekte eksamen i norsk kunne vere. Om vi legg saman tekstsjangrane i læreplanen med krav om validitet og reliabilitet og trekkjer i frå (eller legg til?) Apertium, plussar det heile med djupnelæring og psykometriske metodar, og så gangar vi svaret vi får, med ein forskingsrapport som slår fast at sensorspriket på eksamen i vidaregåande er urovekkande høgt: Kva svar står vi då igjen med? Framleis 42? Eg er jammen glad det ikkje er eg som skal finne ut kva det perfekte svaret blir.

Nokon som har prøvd å leggje alle desse krava saman, er Skrivesenteret. På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet har dei laga eksempeloppgåver til eksamen i norsk ut frå det nye eksamenskonstruktet. Eksempeloppgåvene for ungdomsskulen blei publisert i februar, og reaksjonane let ikkje vente på seg. Sjølv om fleire har gitt uttrykk for at dei er positive til eksempeloppgåvene, er det dei kritiske røystene som har ytra seg sterkast i offentlegheita.

I denne utgåva av Norsklæraren prøver vi å bryte det store reknestykket ned i mindre (og kanskje meir forståelege) bitar: Skrivesenteret gjer i ein artikkel greie for eksamensoppdraget dei har teke på seg: Kva slags føringar og rammer må dei som lagar eksamensoppgåvene, halde seg innanfor?

Vi får også kommentarar frå Jonas Bakken som viser samanhengen mellom eksamen og læreplan. Marte Blikstad-Balas skriv om forholdet mellom standpunkt og eksamen, medan erfarne lærarar som Liv Cathrine Krogh, Kjersti Rognes Solbu og Roar Ulvestad reflekterer over utfordringar dei ser.

Eg trur dessverre vi må skrote Deep Thoughts forslag til svar. Eksamen i norsk er rett og slett meir komplekst enn «the Ultimate Question of Life, The Universe, and Everyting». Men etter å ha lese alle artiklane i Norsklæraren der dedikerte og kompetente norskfolk engasjerer seg i det store eksamensspørsmålet, håper eg at du kan ta med deg eit anna slagord frå rom-haikarane vidare inn i eksamensdebatten: Don’t panic.

 

Redaktør Jorunn Øveland Nyhus

Print Friendly and PDF

Webinar 14. juni klokka 19.00: Merete Henden og Lennart Jølle i samtale om boka "Skriv for livet!"

Ny bok i Norskbokklubben