Siste artikler

Norskbokklubben

Norsklæreren 3-26

Norsklæreren 3-26

Nokon kjem til å gå på do 

Eg har ofte tenkt at Jon Fosse burde skrive ei bok om skulen. Og klasserommet. Om dei unge. Om dei gamle. Elevane og lærarane.  

Lærar: No skal vi lese Fosse 

Elev 1: Fosse. [lang pause]. Kven [sensurert ord] er Fosse 

Elev 2: Eg veit kven Fosse er 

Lærar: Veit du kven Fosse er 

Elev 2: Ja, det veit eg 

Elev 1: Du veit alt, du  

Elev 2: Eg veit ikkje 

Lærar: Kva veit du ikkje 

Elev 2: Veit ikkje 

Lærar: No kan du få vite kven Fosse er 

Elev 1: Vil eg vite kven Fosse er 

Elev 2: Kan eg gå på do 

Lærar: Kan du ikkje vente litt 

Elev 2: Eg kan vente, men eg må 

Lærar: Må du eller må du 

Elev 2: [pause] Må vente 

Alle desse samtalane der det vesle livet møter det store livet, dei store spørsmåla. Alle desse menneska som ikkje alltid evnar å uttrykkje kva dei eigentleg vil eller kan eller føler eller må. Alle pausane og alt det usagde. Det vi ikkje klarer å romme i klasserommet. Har vi ikkje tid? Har vi ikkje ord for det?  

Denne utgåva av Norsklæraren er eit temanummer om Jon Fosse i anledning lanseringa av filmen Kjærast. Filmen er laga av Erik Poppe, og manuset er det einaste originalmanuset til film Jon Fosse har skrive. Eit håp filmskapar Poppe har, er at filmen kan opne døra til Fosses forfattarskap for fleire unge. Verda Fosse tilbyr lesarane sine, er så annleis enn den mange unge lever i. Ho er sakte. Ho er ordknapp og ettertenksam. Ei verd som toler at det er stille. Nett slik eit godt klasserom er?  

I denne utgåva av Norsklæraren kan du lese eit intervju med Erik Poppe, du kan lese om angst og religiøsitet i Fosses tekstar, du kan lese om barnelitteraturen til Fosse, og du får eit didaktisk opplegg til å arbeide med filmen Kjærast.  

Kan du – slik Poppe vil i filmen – finne dei små augeblinkane i klasserommet som utvidar seg til å bli ei kjensle, ei livserfaring?  Å lese Fosse med elevane dine kan hjelpe dei å finne eit språk for det usagde. Slik at dei kanskje forstår betre kvifor nokon kjem til å gå på do. Også midt i timen.   

 Jorunn Øveland Nyhus, redaktør

Print Friendly and PDF

Gjensyn med Retorikkrådet