LNU sine tilbakemeldingar på eksempeloppgåver til norskeksamen for yrkesfag

LNU-logo.png

Tilbakemeldinga startar med ein generell og overordna kommentar om eksempeloppgåvene som heilskap. Deretter følger ein gjennomgang av dei fire typane oppgåver med tilhøyrande oppgåveforslag. Vi har kommentert alle enkeltoppgåvene. Vi håper at dette kan bidra til at fleire svarer på Utdanningsdirektoratet sin questback og at LNU sine kommentarar kan brukast som inspirasjon og hjelp til å setje seg inn i eksempeloppgåvene. Udir sitt spørjeskjema er av enkelt format, og det tek ikkje lang tid å svare på det.

Generelle, overordna kommentarar

Fleire av eksempeloppgåvene fungerer godt, og utvalet av tekstar synest vi i stor grad er bra. Hovudinntrykket av oppgåvene samla sett, er likevel at dei er svært omfattande, både når det gjeld mengda tekst elevane skal lese og når det gjeld kor mykje dei skal skrive. Dersom eksamenskandidaten skal svare på alle fire oppgåvene, er det forventa at han/ho skriv mellom 1300 og 1800 ord. På skrivesenteret.no finn ein eksempel på eksamensoppgåver i norsk for yrkesfag frå 2016-2019. I desse oppgåvesetta er snittet til antal forventa skrivne ord på om lag 750.

I oppgåvetype 1 skal ein måle eleven sine ferdigheiter i lesing av sakprosa. Kandidaten skal svare på deloppgåver der antal ord er er spesifisert på detaljert nivå. Det er ein fare for at eleven vil bruke mykje energi og tid på å tilfredsstille dette kravet, framfor å konsentrere seg om innhaldet. Samtidig er elevane sin ordrikdom svært individuell. Nokre klarer å skrive presist og kortfatta, medan andre treng å bruke fleire ord på å forklare det same. Særleg med tanke på at denne typen oppgåve er meint å skulle måle elevane sine leseferdigheiter, er det uheldig med vektlegginga av talet på ord som elevane skal skrive.  

Til tider er oppgåvene formulert med lite presisjon, og samsvaret mellom oppgåvetekst og vurderingstekst bør bli betre. For eksempel står det i ein oppgåvetekst at eleven skal skrive kva han «trur» om noko, medan det i vurderingsteksten kjem fram ei forventning om at eleven skal «reflektere». Sjå særleg kommentarar til oppgåvene i oppgåvetype 1 og 2. I oppgåvetype 4 kjem det inn krav om kjeldebruk i vurderingsteksten. Her bør det presiserast på kva måte det er forventa at eleven bruker kjelda/kjelder, sjølv om oppgåva kjem med eit vedlegg.

Nokre stader meiner vi at oppgåvene er i overkant lukka, og at dei med fordel kan opnast opp, slik at fleire eller andre perspektiv kan trekkast inn i refleksjonane. Sjå eigne kommentarar om dette i tilbakemeldingar på oppgåvetype 3, alternativ 1b og 2b, og på oppgåvetype 4, alternativ 1b.

Eksempeloppgåvene legg opp til at kandidaten kan velje bort dei yrkesretta oppgåvene. Dette er kanskje uheldig med tanke på det store omfanget yrkesrettinga har fått i læreplanen. Vi forstår at det er svært krevjande å lage yrkesretta eksamensoppgåver når spreiinga på programområde er så stor som på vg2. Likevel meiner vi det er nødvendig å prøve å lage yrkesretta oppgåver som er meir autentiske. Oppgåva der kandidaten skal skildre ei praktisk arbeidsoppgåve meiner vi er ei god, yrkesretta oppgåve. Oppgåva der han/ho skal setje seg inn i rolla som tillitsvald trur vi derimot er temmeleg livsfjern for dei fleste av kandidatane, noko som svarer dårleg til intensjonar om relevans og reell yrkesretting.

Til slutt meiner vi det er verdt å åtvare mot å legge inn krav til at elevar skal skrive tekstar i sjangrar som ikkje er nemnde i kompetansemåla. Dette gjeld oppgåvetype 3, alternativ 1b der kandidaten skal skrive ein argumenterande tekst, og i oppgåvetype 3, alternativ 2a der kandidaten skal skrive eit formelt brev.

For å konkludere er hovudinnvendinga til LNU at oppgåvene samla sett er for omfangsrike og at ein bør legge inn meir fleksibilitet når det gjeld kor mange ord kandidaten skal skrive, særleg i deloppgåvene som skal måle lesekompetanse.

Tilbakemelding på oppgåvetype 1

Formålet med denne oppgåvetypen er å måle eleven sin kompetanse i å lese sakprosatekstar kritisk.

Kommentar til oppgåve 1, alternativ 1, om teksten «Som en påfugl» av Sofia Srour

Tekstvedlegget er engasjerande og står seg godt som sjølvstendig utdrag. Teksten og oppgåvene treffer truleg elevar som kjenner serien Skam betre enn dei som ikkje kjenner han. Vi kan heller ikkje utan vidare anta at alle elevar kjenner teksten «Påfugl». Slike referansar kan verke forvanskande. Vidare kan det vere utfordrande for mange elevar å skrive 250-300 ord til saman i denne oppgåva. Om ein tek utgangspunkt i kva oppgåvene spør etter, vil det vere fullt mogleg å gi presise, gode svar utan å skrive så mange ord.

Oppgåve a. ber eleven om å nemne to tema, utan å grunngje svaret sitt. Dette vil truleg gjere oppgåva krevjande å vurdere. Å nemne to tema utan forklaring, viser i liten grad eleven sin kompetanse, og det vil vere problematisk å vurdere eit forslag til tema som «feil» når elevsvaret ikkje er grunngjeve.

Oppgåve b. ber eleven om å skrive om kva som styrkar truverdet i teksten ved å gi eksempel frå vedlegget. Oppgåva bør vere mogleg å svare på for dei fleste elevar, men når ein skal teste eleven sin kompetanse i å lese kritisk, verkar det prinsipielt uheldig berre å spørje om kva som styrkar truverdet og ikkje samtidig om kva som kan svekke det.

I oppgåve c. blir eleven beden om å skrive kva han trur forfattaren ønsker å seie til lesaren. Denne oppgåva er det problematisk å vurdere sidan ein ikkje kan vurdere kritisk kva ein elev «trur». Det er berre eleven sjølve som sit på fasiten om kva han/ho trur. I vurderingskriteriet som følgjer med oppgåva, står det at svaret skal grunngje [det han/ho trur] på ein sjølvstendig måte. Dette kan også eleven gjere utan å vise god kompetanse så lenge det ikkje står noko om at svaret skal bli grunngjeve på ein måte som sannsynleggjer svaret. Elles synest vi sitatet eit godt utgangspunkt for ei oppgåve.

Kommentar til oppgåve 1, alternativ 2, om reklamefilmen "Minus 5 – De tapte krigsårene" (2020) fra Forsvaret

Vi forstår grunngjevinga for å dele oppgåva opp i fleire deloppgåver. Det kan hjelpe eleven med å komme raskt i gong og vil truleg vere ei god støtte for mange. Samtidig kan det verke forvanskande at antalet ord er spesifisert på eit så detaljert nivå per oppgåve. Det er ein fare for at eleven vil bruke mykje energi og tid på å tilfredsstille dette kravet, framfor å konsentrere seg om innhaldet. Samtidig er elevane sin ordrikdom svært individuell. Nokre klarer å skrive presist og kortfatta, medan andre treng å bruke fleire ord på å forklare det same. Særleg med tanke på at denne oppgåva er meint å skulle måle elevane sine leseferdigheiter, er det uheldig med vektlegginga av talet på ord som elevane skal skrive. Vi trur det vil vere betre å lage opnare oppgåver med forslag til kva for moment eleven kan trekke inn i svaret. Og presiseringa av antal ord bør dempast. Eventuelt kan det stå «Skriv mellom 50 og 100 ord» eller liknande.

Også i denne oppgåva er formuleringar som «tror du» (1b) og «mener du» (1c) brukt i samanhengar der det er vanskeleg å seie at det eleven trur eller meiner ikkje er «rett». Her vil det eventuelt vere betre å bruke formuleringar som ikkje eksplisitt er knytt til eleven si subjektive oppfatning, for eksempel «kva er det sannsynleg at..». Oppgåve 1b. heng vidare dårleg saman med det tilhøyrande vurderingskriteriet. I oppgåva blir det spurt etter kva eleven trur at avsendar ønsker å oppnå, medan det i vurderingskriteriet blir forventa at eleven reflekterer om det same. Om det er forventa at eleven skal reflektere, bør dette komme fram i sjølve oppgåva. Å setje ord på kva ein trur er ikkje det same som å reflektere.

I oppgåve 1c. ligg det implisitt at det er ei retorisk appellform som dominerer. Det er ikkje uproblematisk. Sterk logos kan for eksempel gi «tilsvarande» sterk etos. Dersom ein vil ha eitt konkret svar, er det betre å spørje om det blir appellert mest til kjensler eller til fornuft (gjennom sakleg argumentasjon) i filmen. 

Ein bør vurdere om det er formålstenleg å plassere vurderingstekstane og sjølve oppgåvene slik det er gjort no. Slik vurderingskriteria er formulert, er dei meir eller mindre gjentakingar av oppgåveformuleringane, i tillegg til krav om sjølvstende og klar og forståeleg kommunikasjon. I tillegg er det ikkje alltid samsvar mellom oppgåveformuleringane og vurderingsteksten, jf. skilnaden på å tru og å reflektere. Dette kan verke forvirrande for den som skal svare.

Tilbakemelding på oppgåvetype 2

Formålet med denne oppgåvetypen er å måle elevane sin kompetanse i å lese og tolke skjønnlitteratur

Kommentarar til til oppgåve 2, alternativ 1, om utdraget frå boka HØR HER’A! av Gulraiz Sharif (2020)  

Denne oppgåva er meir fleksibel enn i oppgåve 1 når det gjeld format og antal ord. Vi meiner at dette fungere betre og vil gjere det enklare for fleire elevar å vise kompetansen sin.

Oppgåve b. er formulert som om det er ein fasit på kva for verknad det munnlege språket og multietnolekten har i teksten. Her bør formuleringa endrast, for eksempel til at eleven skal forklare ein eller fleire verknader som verkemiddelet kan ha i teksten.

Oppgåve c. heng ikkje så godt saman med den tilhøyrande vurderingsteksten. Sidan det kjem fram som ei forventning i vurderingsteksten, bør det også komme fram i oppgåveteksten at eleven skal vise til eksempel på kulturmøte frå vedlegget. Når enkelte oppgåver gir ei tydeleg bestilling til eleven om å vise til eksempel, slik det her er gjort i a-oppgåva, er det ikkje rimeleg å forvente at eleven av seg sjølv viser til eksempel når han ikkje blir beden om det.

Det er vidare ein skilnad ved at eleven i oppgåva blir beden om å skrive noko om framstillinga av norsk kultur, medan det i vurderingsteksten står at det er kulturmøte det er forventa at eleven skal vise til eksempel på. Slike distinksjonar bør klargjerast i kommande oppgåvesett.

Kommentar til oppgåve 2, alternativ 2, om sangteksten «Grimaser (Idiomer for idioter)» av Cezinando (2020)

Det kan vere vanskeleg for mange elevar å skrive 250-300 ord til saman i denne oppgåva, i alle fall om ho berre utgjer ¼ av heile oppgåvesettet. Om ein tek utgangspunkt i kva oppgåvene spør etter, vil det vere fullt mogleg å gi presise, gode svar utan å skrive så mange ord.

Truleg vil mange elevar ha nytte av noko meir informasjon om kontekst, både om artisten og om resten av albumet for å bli spora inn på/få støtte til ei relevant tolking. 

I oppgåve b. bør det nemnast i sjølve oppgåva at det er forventa at eleven bruker fagspråk (ikkje berre i vurderingsteksten). Når det gjeld oppgåva elles, er det uheldig å be elevane om eksempel frå melodien. Få elevar som ikkje har musikkfagleg bakgrunn vil vere i stand til å skildre fragment eller verkemiddel frå ein melodi ved å bruke musikkfaglege omgrep, slik vurderingsteksten legg opp til med kravet om å bruke fagspråk.

Så lenge sensor har stor toleranse for tolkingsmangfald, synest vi generelt at dette er ei god oppgåve, særleg oppgåve 2c. Dette er første og einaste gong i oppgåvesettet at verbet «tolk» blir nytta.

Tilbakemelding på oppgåvetype 3

Formålet med denne oppgåvetypen er at elevane skal skrive ein tekst med utgangspunkt i ei oppgåveformulering

Kommentarar til oppgåve 3, alternativ 1a, skildring av praktisk arbeidsoppgåve, 400-600 ord

Generelt meiner vi at dette er ei god oppgåve som det er grunn til å tru at mange elevar vil vere førebudde på og i stand til å svare på. Også i denne typen oppgåver bør det presiserast i sjølve oppgåveteksten at eleven skal bruke fagspråk.

Omgrepet «ditt yrkesfag» er upresis. «Det kommande yrket ditt» eller «eit av programfaga dine» er meir presist. I staden for «kva som er utgangspunktet for oppgåva» bør det stå, «kva som er føremålet med oppgåva».

Kommentarar til oppgåve 3, alternativ 1b, argumenterande tekst om miljø og om å ta vare på naturen, 400-600 ord

Sjølv om det tverrfaglige temaet demokrati og medborgarskap er nemnd som eitt av grunnlaga for oppgåva, kan ein ikkje rekne med at elevane har fått trening i å skrive argumenterande tekstar så lenge dette ikkje er del av eit eige kompetansemål i fagfornyinga. Det står eksplisitt i læreplanen at elevane skal bruke appellformer i diskusjonar, ikkje i tekstar. Skal ein legge inn argumenterande tekstar i eksamenssetta, er det viktig at ein i sensuren prinsipielt tek omsyn til at dette kan vere første gong i vgs. at kandidaten skriv ein argumenterande tekst.

For å hjelpe kandidaten til å styrke logos i teksten, bør det kanskje ligge ved nokre korte fakta som eleven kan bruke i sin eigen tekst. Då kan han/ho også få høve til å vise kompetanse i kjeldebruk. Ein bør også vurdere å gi fleire alternativ til tema å skrive argumenterande om, eller å opne oppgåva meir opp så ho unngår å verke ekskluderande på dei som eventuelt ikkje identifiserer seg med kravet om at ungdom skal engasjere seg for miljøet, jamfør rettferdsprinsippet.

Kommentarar til oppgåve 3, alternativ 2a, formelt brev for å førebygge fordommar, 400-600 ord

Denne oppgåva er det fleire problematiske sider ved. For det første kan ein med utgangspunkt i kompetansemåla ikkje forvente at elevane kjenner til krava til formelle brev (sjølv om fleire av læreverka omtaler denne sjangeren). For det andre vil det vere svært vanskeleg for mange elevar å sjå for seg seg sjølv i rolla som tillitsvald. Sjølve oppdraget verkar i tillegg lite autentisk og truverdig.  Eit alternativ kan kanskje vere å rapportere frå ei hending dei har opplevd i eigen yrkesspraksis.

Kommentarar til oppgåve 3, alternativ 2b, reflekterande tekst om korleis ungdom kan utvikle eit godt sjølvbilete, 400-600 ord

Her kjenner vi ikkje til kva som ligg i førebuingsdelen, så oppgåva er difor vanskeleg å kommentere som heilskap. Perspektivet kunne med fordel ha vore utvida noko i oppgåva, eller det kunne ha blitt lagt til meir støttetekst og tips til innhald i refleksjonane. Eksempel: «Du kan for eksempel trekke inn kva for rolle samfunnet spelar for dei unge sitt sjølvbilde, eller kva ungdom kan gjere for å hjelpe andre ungdommar med å utvikle eit godt sjølvbilete». 

Tilbakemelding på oppgåvetype 4

Formålet med denne oppgåvetypen er at elevane skal skrive ein tekst med utgangspunkt i ei oppgåveformulering med vedlegg

Kommentar til oppgåve 4, alternativ 1a, om språket i  Hør her'a! , 400-600 ord

Sjølv om det er ei krevjande oppgåve er det bra at ho ligg tett på kompetansemålet om særtrekk ved norsk språk. Truleg vil det vere vanskeleg for mange elevar å skrive så mykje som 400-600 ord i svaret. Sjølv om det følger med eit vedlegg, bør det presiserast på kva måte det er forventa at kandidaten skal bruke og vise til kjelder.

Kommentar til oppgåve 4, alternativ 1b, om ei jente i et mannsdominert yrke  , 400-600 ord

NRK-klippet er kort, lett forståeleg og engasjerande. Det er fint med mogelegheita til å bruke video som vedleggstekst. Det fungerer godt i dette tilfellet.

Slik vi forstår oppgåveinformasjonen er denne oppgåva meint å skulle vere yrkesretta. Sjølv om oppgåva handlar om eit yrke, kan ein diskutere i kva grad ho harmonerer med dei yrkesretta kompetansemåla som handlar om å gjere seg kjend med faglitteratur frå eige yrkesfagleg område, og å lese og skrive tekstar i yrkesrelevante sjangrar. Her bør ein vere svært merksam på den potensielle washback-effekten.

Den siste delen av oppgåva er svært styrt, og det ligg implisitt ein påstand om at ungdom bør velje utradisjonelt. Denne påstanden vil ikkje nødvendigvis alle elevar identifisere seg med. Her ville det ha vore betre om eleven fekk reflektere omkring det er ein verdi i å velje utradisjonelle yrke, både for ein sjølv og for samfunnet rundt. Eller dei kunne fått høve til å reflektere omkring kvifor Eira møter haldningar og hindringar ho sjølv omtaler som «helt på trynet». Det bør gå fram i oppgåva på kva måte det er forventa at eleven bruker kjelder i oppgåvesvaret.

Kommentar til oppgåve 4, alternativ 2a, om korleis ein arbeidsplass kan fylle krava i Arbeidsmiljølova, 400-600 ord

Arbeidsmiljølova er eit godt utgangspunkt for å skrive yrkesrelaterte tekstar. Samtidig er dette ein krevjande tekst, og ord som «velferdsmessig» og «ytringsklima» bør forklarast. Det vil truleg vere krevjande for mange elevar å skrive 400-600 ord i svaret. Også i denne oppgåva er kjeldebruk trekt inn i vurderingsteksten. Er det forventa at eleven skal bruke fleire kjelder enn Arbeidsmiljølova i svaret? Sjølv om det følger med eit vedlegg, bør det presiserast på kva måte det er forventa at kandidaten skal bruke og vise til kjelder.

Kommentar til oppgåve 4, alternativ 2b, om Ella Maria Hætta og om å vere samisk i eit samfunn der norsk kultur er i majoritet, 400-600 ord

Det er bra at også denne oppgåva er tett knytt til fleire kompetansemål i læreplanen. Kanskje kunne oppgåveteksten også opne opp for at eleven kan trekke inn sin eigen norskfaglege kunnskap om fornorskingspolitikken. Elles er vedleggsteksten temmeleg lang, og denne oppgåva testar leseferdigheiter vel så mykje som skriveferdigheiter. Det bør klargjerast på kva måte det er forventa at eleven skal bruke kjelder i oppgåvesvaret.

Print Friendly and PDF
Rogne: Den nye norskplanen (L20) i historisk perspektiv

Rogne: Den nye norskplanen (L20) i historisk perspektiv

Webinar 14. juni klokka 19.00: Merete Henden og Lennart Jølle i samtale om boka "Skriv for livet!"