Påmelding og program til LNU-konferansen 2024: Må vi lese heile? Korleis styrke litteraturlesinga i klasserommet

Kontakt anne.koch@fagbokforlaget.no for spørsmål om påmelding og deltaking. Frist for påmelding er 23. januar 2024.

«Naar jeg begynder et Kapitel, som jeg har rigtigt varmt i Hovudet, er det saa morsomt – ja, jeg vil ikke paastaa, at det er fuldt saa morsomt som at have en Lax paa Stangen, men ialfald som en stor Ørret.»

(Alexander L. Kielland i brev til Edvard Brandes, 1879)

Tid og stad: 15.-16. mars på Clarion Hotel Energy i Stavanger

Nedanfor finn du informasjon om program og prisar.

Påmelding startar SNART. Følg med på LNU si facebooksida og heimeside.

Velkommen!

LNU-konferansen i heimbyen til Obstfelder og Kielland må sjølvsagt handle om litteratur og lesing. For kva er sjølve laksen på stonga for norsklæraren? Er det ikkje når vi kjenner at litteraturen treffer, og når diskusjonar om det vi les, dirrar og tek uventa retningar? Samtidig sviktar PIRLS-resultata i takt med svinnande evne til konsentrasjon. Ungdom les ikkje lenger, blir det sagt. Er det nokon vits i å kjempe for litteratur og leselyst? Kan vi ikkje berre godta at TikTok og Netflix er komne for å bli, og at det er på mobilen ungdommane hentar forteljingane sine?

Nei, naturlegvis ikkje. Vi må fortsetje å insistere på at «Ja, vi skal lese heile boka!». Derfor byr vi på lærarar som får lesinga til å svinge og på forskarar som viser engasjerande vegar inn i litteraturen. Målet er at du skal få med deg dei beste ideane og opplegga som kan eggje og vekkje leselysta i klasserommet. Samtidig skal du få nerde i veg med detaljar frå krikar og krokar av litteraturen, og har du litteraturhistorie som din guilty pleasure, ja då kan vi love djup tilfredsstilling.

Program fredag 15. mars

(endringar kan førekomme)

10.30: Velkomen, ved styreleiar Liv Cathrine Krogh

10.45: Opning av konferansen

11.00: Janne Stigen Drangsholt. Undset, Woolf og Levy: Den moderne kvinnen i og utenfor litteraturen

Sigrid Undset skriv ein stad at ho har komme over Virginia Woolfs Et Eget rom (1929), og at ho slett ikkje var imponert. Og medan ho seinare meinte av Woolfs romanar vitna om ei "ytterst interessant og talentfull forfatterinne", heldt ho fram med å vere skeptisk til dette essayet som handlar om kva det vil seie å vere ei moderne kvinne. Nesten hundre år seinare skriv Levy om både Undset og Woolf i memoarane sine. I dette foredraget ser Janne Stigen Drangsholt nærmare på dei uttalte, og ikkje uttalte, linjene mellom desse tre ytst interessante og talenfulle forfatterinnene. Kor møtest dei og kor skil dei lag?

Janne Stigen Drangsholt

Janne Stigen Drangsholt er professor i engelsk litteratur ved UiS og forfattar. Ho er kanskje aller mest kjend for bøkene sine om Ingrid Winter. Drangsholt har også delteke i fleire podkastar, som Janne og Jostein Show, Kjente bøker på 4 minutter og Aftenblabla.

11.45: Pause

12.00: Mads B. Claudi. Baklengs inn i fortida? Om litteraturundervisning, demokrati og medborgarskap i norskfaget

Etter fagfornyinga skal demokrati og medborgarskap vere tema også i norskfaget. I dette foredraget spør Claudi om korleis litteraturundervisninga kan fungere i demokratiet si teneste på ein måte som tek vare på både læreplanen sin ambisjon og litteraturen og litteraturundervisninga sin eigenart. Med utgangspunkt i både eldre og nyare litteratur, og ispedd ein kritikk av læreplanen, forsøker Claudi å teikne omrisset av ein litteraturdidaktikk som både kan tematisere, kritisere og konsolidere eit demokratisk fellesskap.

Mads Breckan Claudi

Mads B. Claudi er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo, der han mellom anna underviser i og forskar på litteraturdidaktikk. For tida er han engasjert i forskargruppa Demokratiets tekstkulturer ved UiO, der han interesserer seg for politiske og samfunnsmessige aspekt ved litteraturen og litteraturundervisninga. Han har tidlegare jobba som lektor i vidaregåande skole og i lærarutdanninga ved Universitetet i Søraust-Noreg og ved Oslomet, og han har skrive lærebøker både for universitet og vidaregåande skole. Han har også vore leiar av bokredaksjonen i LNU.

13.00: Lunsj

14.00: Margrethe Sønneland. «Eg treng ikkje ha ei meining om kva som er for vanskeleg for elevane». Teksten som problem eller kjelde til engasjement?

Korleis skal ein få elevar til å engasjere seg i arbeid med litteratur i klasserommet?  Har tekstvalet noko å seie for elevengasjement i det heile tatt? Denne forelesinga utforskar korleis det kan sjå ut i klasserommet når elevane opplever at det er meiningsfullt å involvere seg i tekstarbeidet. Vi skal sjå på døme både frå mellomtrinnet og ungdomstrinnet, og vi skal og ein tur innom ungdomsskolen i Sverige for å undersøke kva lærarar kan gjere for å halda liv i dette engasjementet, når det først er der.

Margrethe Sønneland

Margrethe Sønneland er førsteamanuensis i norsk ved institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk ved Universitetet i Stavanger. Ho har publisert artiklar om arbeid med krevjande, litterære tekstar, om litterære samtalar, dialogisk undervising og kritisk literacy. Ho er også oppteken av korleis litteraturundervisinga bør sjå ut i den nye språkteknologiens tid.

14.45: Pause

15.00: Lars August Fodstad. «...smaa Skyer af extrafint, filologisk Støv.»

I Kiellands Gift gjeng lærarane kring som visne, grinete spøke fordi jobben deira er å strø støv på ein ungdom dei ikkje skjønar. Dei sjukelege elevane er knapt i stand til å slepe seg gjennom det aller minste pensum av gamle klassikarar. Har den eldre litteraturen – som Kielland sjølv – blitt vår tids skolestøv, eller er det enno håp om å finne læring og lukke gjennom lesingas liding? Kvifor og korleis skal det kunne gå til?

Lars August Fodstad

Lars August Fodstad er professor i nordisk litteratur ved NTNU. For tida er han instituttleiar, men elles forskar han særleg på gullalderlitteratur (Kielland, Ibsen, Bjørnson, Garborg) og litteraturdidaktikk. Fodstad er merittert undervisar og læreverkforfattar, har vore styreleiar for LNU og FoU-leiar ved Universitetsskulane i Trondheim.

15.45: Pause

15.55: Musikalsk, Munch-inspirert preludium ved organist Ghislain Gourvennec

Ghislain Goruvennec

Ghislain Gourvennec er organist og kantor i Stokka kyrkje i Stavanger og arbeider i tillegg som frilansmusikar. Han har gitt ei rekke konsertar i både Noreg og Frankrike, som solist, med kammerensemble og orkester. Tidlegare har han vore kantor i Sola, Sandnes og Skien, og musikkprodusent i Stavanger domkyrkje.

I tillegg til utøvarkarrieren, er Gourvennec sterkt engasjert i å dele kunnskapen sin med andre. Han underviser ved Universitetet i Stavanger på Fakultet for utøvande kunstfag, og er ansvarleg for kyrkjemusikkutdanninga. Han underviser òg ved Stavanger katedralskole og Orgelskolen Christine, som er ein del av Stavanger kulturskole.

16.10. Ivo de Figueiredo og Anne Lise Jomisko: Kunstnarskap og ekteskap

Første bind av den nye biografien om Edvard Munch, Stormen, er ute til strålande kritikkar. Gjennom seks år har Ivo de Figueiredo pløgd seg gjennom ei enorm mengde kjelder og litteratur og likevel endt opp med ei bok kritikarane har omtalt som overraskande kort og velskrive. Kva for skrivemetode ligg bak prosessen, og kva for ein Munch har han funne?

Anne Lise Jomisko er ein erfaren lesar og formidlar av litteratur, og har som de Figueiredos ektefelle følgt skriveprosessen tett frå andre etasje. Kva skjer når ekteparet møtest til samtale om kunstnaren som så lenge har dominert livet deira? Har Ivos tankar om litterær sakprosa relevans for Anne Lise sitt arbeid som lærar? Og er det noko i den kulturhistoriske analysa hans av Munch og samtida hans som kan gjere forståinga vår av samanhengen mellom bildekunst og litteratur rikare?

Ivo de Figueiredo

Ivo de Figueiredo er historikar, forfattar og kritikar. Han mottok Brage-prisen for gjennombruddsboka Fri mann. Johan Bernhard Hjort – en dannelseshistorie. I 2006 og 2007 kom dei to binda av den kritikerroste biografien hans om Henrik Ibsen. De Figueiredo har også skrive ungdomsbøkene Slipp meg (2006) og Støv. En bok om Henrik Wergeland (2008), begge tildelt Kirke- og kulturdepartementets fagbokpris. I 2010 ga han ut dokumentar-boka Mysteriet Ingeborg Køber, og i 2014 Ord/kjøtt: Norsk scene-dramatikk 1890–2000. Han fekk Språkprisen for familiehistoria En fremmed ved mitt bord i 2016. Hausten 2023 er han aktuell med første bind av sin nye biografi Stormen. En biografi om Edvard Munch. Andre bind kjem hausten 2024.

Anne Lise Jomisko

Anne Lise Jomisko er norsklektor ved Elvebakken vidaregåande skole i Oslo og har jobba 26 år i skolen. Ved sida av lærarjobben, har ho i mange år frilansa som litteraturkritikar, lærebokforfattar og foredragshaldar. Ho er mellom anna medforfattar i norskverket Appell frå Gyldendal og tidlegare i norskverket Spenn frå Cappelen, samt i ei rekke antologiar om litteratur for ungdom, mellom anna Slipp meg (2006) og Støv. En bok om Henrik Wergeland (2008). Det er litteraturen som står hjartet hennar nærmast, og når god litteratur engasjerer elevane, er lærarhjartet nøgd.

16.55: Musikalsk postludium ved organist Ghislain Gourvennec

Pause

Kveld: Festmiddag med underhaldning og utdeling av LNU-prisen

Lørdag 16. mars

09.00. Troels Posselt og Christian Goveia Jacobsen: Del av noko større

Korleis kan vi inspirere til leselyst og meir lesing av litteratur i ei tid der undersøkingar tyder på at lesevanar og haldningar til lesing er under press? I kva grad kan formidling av eit breitt utval av litteratur, litterære samtaler samt priser der unge lesarar sjølv kårar sine favorittbøker bidra til auka engasjement for lesing?

I dette foredraget deler Goveia Jacobsen og Posselt praksisnære tips og erfaringar med utgangspunkt i arbeidet til leselystorganisasjonen Foreningen !les.

Troels Posselt

Troels Posselt er rådgjevar i Foreningen !les der han mellom anna jobbar med utvikling av prosjekta Bokprat og Les og lek samt bidrar til lærarressursar. Han har tidlegare jobba som lærar på universitet, i vidaregåande skole og på ungdomstrinn og har òg erfaring frå biblioteksektoren. Troels er medforfattar til "Lesersørvis til barn" og læringsressursen "Leselyst med dei minste - saman om leselyst" samt medredaktør på «22. juli (et utvalg tekster)».

Christian Goveia Jacobsen

Christian Goveia Jacobsen er rådgjevar i Foreningen !les og prosjektansvarleg for Bokslukerprisen, samt utviklar av lærarressursar til !les sine leseprosjekt. Christian har 16 års erfaring frå Osloskolen, har forfatta lærarrettleiingar til engelske lærebøker for Cappelen Damm og har òg vore pedagogisk konsulent på lærebøker og digitalt innhald. 

09.45: Pause

10.00: Parallelle sesjonar, del 1

Parallel 1: Jon Opedal Hove. «Ka skjedde? Dauet han? Shiiit! Eg visste det!»: Erfaringar om korleis vi kan lese heile verk – ei praktisk tilnærming 

At det å lese heile verk trumfar det å lese utdrag, er vi nok alle einige om. Men eg tippar at vi også er einige om at det ikkje nødvendigvis er så enkelt, og at det sjeldan fungerer å dele ut boka og be elevane lese for seg sjølve. Eg vil difor dele nokre erfaringar om kva vi har gjort på Fyllingsdalen vgs dei siste åra, for av og til har vi nemleg vore i nærleiken av å dra laksen opp på land! Døma mine vil vere henta frå arbeid med Fuglane av Vesaas, Dette er andre dagar av Ruth Lillegraven og Abid Rajas sjølvbiografi Min skyld

Jon Opedal Hove

Jon Opedal Hove jobbar på Fyllingsdalen vgs., der han underviser i norsk og historie. Han har skrive fleire artiklar og bokmeldingar i Norsklæraren, og i 2017 gav han ut boka Samtidslyrikk i klasserommet saman med kollegaen Kjersti Rognes Solbu. Han er også ein av forfattarane av læreverket Grip teksten. Det kan nemnast at Opedal Hove er ein særs populær kurshaldar for LNU.

Parallell 2: Lene Maria Kleven. Lesing i klasserommet? – eit undervisningsopplegg som trassar algoritmar og konsentrasjonssvikt 

God lesekompetanse er ein føresetnad for å lykkast i studiar og arbeidsliv, men norske elevars lesekompetanse er trua. Studiar viser at lesestrategiundervisninga har eit stort unytta potensiale til å motverke ein negativ trend. Lenes opplegg spring ut frå prosjektet “Grunnleggande Ferdigheiter”, der fokusområdet hennar var lesing og lesestrategiar. Tematisk tek undervisningsopplegget utgangspunkt i nokre av dei viktigaste truslane mot lesinga – konsentrasjonssvikt og algoritmar. 

Lene Maria Kleven

Lene Maria Kleven jobbar til dagleg som norsk og engelsklærar ved Porsgrunn vidaregåande skole. Lene avslutta sin master i nordisk litteratur hausten 2023 ved UiA, med Jon Fosse og estetisk-filosofisk lesnad av Septologien som tema. Forutan litteratur, er ho spesielt interessert retorikk i norskfaget. I perioden 2022 – 2024 er Lene ressursperson for skolen sin i prosjektet Grunnleggande Ferdigheiter – eit fylkeskommunalt prosjekt, i samarbeid med USN. 

Parallell 3. Kjersti Dybvig: Kunsten å sprenge seg gjennom bokmuren

Korleis kan vi få fleire elevar til å lese bøker? Dybvig vil i foredraget sitt vise ulike måtar å "møte" boka på. For er det meir enn ein måte å lese ei bok på? Kan det vere at vi norsklærarar kjenner på eit større ansvar overfor boka si oppbygging, enn for elevane sin moglegheit til å møte ho fritt og utforskande? Med andre ord: føler vi nærmast ein religiøs respekt  for forfattaren sitt arbeid? Og legg vi gjennom dette unødvendige hinder for elevane? Dybvig vil reflektere rundt konferansetittelen, "(m)å eg lese heile boka", og prøve å vise korleis elevane kan gå i ein aktiv dialog med boka. For gjennom dialog med boka blir det opna moglegheiter for engasjement, og etter kvart nysgjerrigheit, for korleis det eigentleg vil vere å lese ei heil bok. 

Kjersti Dybvig

Kjersti Dybvig jobbar til dagleg som lektor på Kristianslyst ungdomsskole i Stavanger, og underviser i norsk, samfunnsfag og tysk. Ho er historikar og litteraturvitar, forfattar, litteraturanmeldar og foredragshaldar. Ho har omsett britisk skjønnlitteratur og skrive fleire fagbøker i historie. Ho er også medforfattar i samfunnsfagverket Aktør frå Fagbokforlaget. Kjersti Dybvig er spesielt opptatt av korleis litteraturen og samfunnsutviklinga har  påverka, og påverkar, kvarandre gjensidig. 

10:45: Pause

11.00. Parallelle sesjonar, del 2, med same foredrag som i del 1

11.45: Pause

12.00: Jonas Bakken. «Fremtidens Forbrydelser eller Lærerens Frihed». Korleis kan – og bør – norsklæreplanen sjå ut i 2034?

Med utgangspunkt i erfaringa si frå læreplangruppa for norsk vil Bakken drøfte i kva retning norskfaget er på veg i dag, fire år etter at LK20 blei innført. Hadde norskfaget godt av å bli putta inn i ein kompetansebasert læreplan, med kompetansemål, tverrfaglege tema, kjerneelement og grunnleggande ferdigheiter? Eller har tida snart komme for å skrote heile greia og prøve noko nytt – eller gammalt? Kva slags læreplan kan gi elevane det norskfaget dei treng og fortener i ein løpsk digital kultur der ingen har tid til å lese heile boka? Det blir eit foredrag med lange faghistoriske liner, litterære allusjonar, kritiske sleivspark og lekkasjar frå LK20 sin myteomspunne skyggelæreplan i «fremtidsrettet norsk».

Jonas Bakken

Jonas Bakken er professor i norskdidaktikk og leiar av Lektorprogrammet ved Universitetet i Oslo. Han forskar på tema som retorikkdidaktikk, litteraturdidaktikk og minoritetsperspektiv i norskfaget og er leiar av den vitskaplege redaksjonen for Norsklæraren. Bakken var også medlem av kjerneelement- og læreplangruppa for norsk under fagfornyinga. Han har m.a. skrive boka Retorikk i skolen (Universitetsforlaget).

12.45: Avslutning

13.00: Lunsj

Kontakt anne.koch@fagbokforlaget.no for spørsmål om påmelding og deltaking.

Prisoversikt

(Merk at prisene under er oppgitt ekskl. mva. Pris ved betaling er inkl. mva., men fradragsreglene gjør at skolene får disse avgiftene tilbakebetalt.)

For medlemspris, meld deg inn her (du sparer over medlemsavgift x 2)

  • Full konferansepakke med festmiddag og overnatting i dobbeltrom: 3957,- (LNU-medlem), 4957,- (ikke LNU-medlem)

  • Full konferansepakke med festmiddag og overnatting i enkeltrom: 4350,- (LNU-medlem), 5350,- (ikke LNU-medlem)

  • Konferansepakke med middag, uten overnatting: 3396,- (LNU-medlem), 4396,- (ikke LNU-medlem)

  • Konferanse uten middag og overnatting: 2800,- (LNU-medlem), 3800,- (ikke LNU-medlem)

Print Friendly and PDF
Norsklæraren 4-23

Norsklæraren 4-23

Ny bok i Norskbokklubben: 101 måter å lese på - en teoretisk og praktisk lesedidaktikk (2. utgave)