Norsklæraren 4-23

Norsklæraren 4-23

Les du dette?

Eg har ofte lurt på kven som gidd å lese leiarartiklane mine. Skal eg vere ærleg – og det bør ein jo vere – må eg innrømme at leiarartiklane oftast blir skrivne kvelden før bladet går i trykk. Det er akkurat som om eg ikkje har sjanse til å skrive noko som helst før eg har fått bladd igjennom den endelege versjonen av bladet. Eg må sjå tekstane slik dei blir presentert for lesarane, først då får eg oversikt: «Ok, så det er dette bladet handlar om denne gongen».

Og når eg no les og scrollar gjennom pdf-fila som blir sendt til trykkeriet i morgon, ser eg at det meste handlar om lesing. I ei tid der rapportar viser at ungdom (og vaksne) les stadig mindre og færre klarer å konsentrere seg om å lese lengre og vanskelege tekstar, gir Bodil Hernesvold oss «keitete kjellerband, sterk vind og stille skog» i ein artikkel om kvifor ein må lese Jon Fosse med elevane – høgt! «Vi trenger lyden av tekstene hans», skriv ho, og gir oss gode døme på korleis lesing av Fosse kan opne opp for vanskelege samtalar i klasserommet.

Anniken Hotvedt Sundby skriv om korleis norsklærarar les læreplanen. Korleis ein les planen har sjølvsagt store konsekvensar for kva for eit norskfag elevane får. Det same har bruk av ChatGPT. Side opp og side ned har blitt skrive om korleis kunstig intelligens både kan berike og truge kjerna i alt vi driv med i skulen. I denne utgåva av Norsklæraren kan du lese filosof Lars Fr. H. Svendsen sine tankar om kunstig intelligens og sanning. Han legg vekt på kor viktig god kjeldekritikk er i eit samfunn der alle har tilgang til enorme mengder informasjon.

Men korleis kan ein få elevar til å lese kritisk? Dette er blant spørsmåla Cecilie Weyergang stiller i den vitskapelege artikkelen «Ungdomsskolelæreres forståelse av kritisk lesing av sakprosatekster i norsk og samfunnsfag». Ho har utvikla ein modell som kan hjelpe både lærarar og elevar med å setje ord på kva ein eigentleg gjer når ein les kritisk.  

I bladet trykker vi endå ein vitskapeleg artikkel. Ylva Frøjd og Kristian Lødemel Sandberg undersøker kva kompetanse ein lærar treng når han eller ho skal arbeide med skjønnlitterær lesing i klasserommet.

Eller kanskje du vil lese om noko du sjeldan/sjeldnare les om? Då kan vi «bjuda på» kjærleiksbrev skrive av Knut Hamsun og danske skodespel om «sædelighedsdebatten» på 1800-talet. Treng du fleire tips til korleis du kan arbeide med lesing i klasserommet ditt, er boka i Norskbokklubben ei oppdatert utgåve av klassikaren 101 måter å lese på. Framleis behov for påfyll om lesing, seier du? Flaks for deg at LNU-konferansen 2024 har tema lesing! 15.-16.mars 2024 inviterer vi til reinspikka lesefest i Stavanger der vi saman ser på korleis ein kan styrke litteraturlesinga i klasserommet.

Takk for at du les Norsklæraren!

 

 Jorunn Øveland Nyhus, redaktør

 

 

 

Print Friendly and PDF
Frøjd og Sandberg: Litterær eller lærarfagleg analyse? Om skilnader og nytteverdi i litteraturdidaktisk arbeid

Frøjd og Sandberg: Litterær eller lærarfagleg analyse? Om skilnader og nytteverdi i litteraturdidaktisk arbeid

Påmelding og program til LNU-konferansen 2024: Må vi lese heile? Korleis styrke litteraturlesinga i klasserommet