Norsklæraren 2-26
Faglege flokar
I spalta Språkprat, som du kan lese på side 84, slår professor i nordisk språkvitskap, Torodd Kinn, eit slag for metaforanalyse. Han peiker på tre vanlege metaforsystem i tekstar: Kranglar blir ofte framstilt som krig der orda blir våpen. Mellommenneskelege kjensler blir knytt til ord og uttrykk for temperatur, kald skulder, varmt hjarte. Forhold mellom menneske blir metaforisk knytt til bindingar, du kan vere knytt til kona di, og ungane lausriv seg frå foreldre. Metaforanalyse er ein måte å lese tekstar kritisk på, for metaforane du vel, seier noko om kjensler, verdiar og haldningar avsendaren har. Så kva kan ein då seie om tittelen på årets LNU-konferanse «Faglege flokar»? Nokon vil kanskje hevde at det har floka seg fullstendig for folka i LNU som tøffar seg opp og hadde ambisjonar om å setje saman eit program som skulle løyse (nesten) alle verdsproblema vi har i norskfaget. Sjølvsagt ei heilt umogleg oppgåve. Andre vil kanskje meine at tittelen gir uttrykk for eit pessimistisk syn på norskfaget.
I denne utgåva av Norsklæraren trykkjer vi fleire artiklar basert på floke-foredrag på LNU-konferansen. Årets LNU-prisvinnar Marte Blikstad-Balas (hurra!) skriv om korleis overivrige lærarar faktisk kan floke det til for elevar. Korleis kan vi gjere norskfaget relevant og interessant også for elevar som ikkje har tenkt å bli norsklærarar sjølve? Tone Evensen gir oss strategiar for eit inkluderande, fleirspråkleg klasserom, medan Ida Lovise Bøe skriv om korleis Nynorskveke, tekstutval og tverrfagleg bruk av nynorsk kan gi ein boost i meistringskjensla hos elevar med nynorsk som sidemål.
Andre artiklar i bladet sneiar innom andre aktuelle faglege flokar i faget. Leiv Inge Aa heng seg på kanondebatten i faget og føreslår ein grammatikk-kanon! Eirik Vassenden pirkar i den gordiske knuten i faget – nemleg kva konsekvensar KI kan få for skriving og sjølve tenkinga og eg-et i faget.
Metaforisk sett er det kanskje trass alt positivt å omtale problemområde i faget som flokar. Sjølv om det er ei floke, så er det framleis ei binding der. Det er ikkje eit fag i skyttargravskrig (sjølv om det til tider kan gå friskt for seg i til dømes debatt om sidemålskarakteren), eller eit fag som har frose fast. Det er eit fag der mange lærarar kjenner ei svært sterk binding til fagets kjerneverdiar og kjerneelement. Eit fag der lærarar med tolmod og iver nøstar opp ein haug av samanfløkte trådar og greier ut små og store flokar i faget. Mange kvir seg heller ikkje for å gå laus på KI-knuten som kan verke uløyseleg. Den gordiske knuten blei løyst ved at Alexander den store hogg han tvers av med sverdet sitt og dermed braut sjølve bindinga. Å, smerte, korleis skal vi tolke dette metaforisk...?
Jorunn Øveland Nyhus, redaktør


