Vibeke Sæther:
Langlesing i norskfaget
Å lese dypt som motvekt til distraksjon, fragmentering og generativ KI
Elevane får ein roman på pulten. Over 200 tettskrivne sider. Det kan verke som eit uoverkommeleg prosjekt. Korleis skal dette gå?
I ei tid der leseferdigheitene går ned og distraksjonane blir fleire, kan det vere utfordrande å arbeide med lengre tekstar i klasserommet. Langlesing i norskfaget viser korleis lærarar kan bidra til at elevane oppdagar gleda ved å lese lengre tekstar som ein naturleg del av norskfaget.
Del 1 gir ei solid og forskingsbasert innføring i langlesing. Her finn vi metodar for å gjennomføre langlesing i fellesskap, konkrete tips til etterarbeid med lange tekstar og råd om læringsfremjande bruk av generativ kunstig intelligens i klasserommet.
Del 2 inneheld ulike undervisningsopplegg til tekstar frå mange sjangrar og tidsperiodar. Tekstmangfaldet er ein tydeleg styrke. Opplegga er konkrete, gjennomarbeidde og let seg tilpasse ulike klassar og undervisningsforløp. Kva parallellar finst det til dømes mellom romanen Da vi var yngre og Sagaen om Gunnlaug Ormstunge, og kva kan Erasmus Montanus lære oss om ytringsfridom og konspirasjonsteoriar?
Boka gir læraren fagleg tryggleik og praktiske verktøy til å gjere langlesing til ein naturleg og motiverande del av norskundervisninga gjennom heile skuleåret. Målgruppa er primært lærarar på vidaregåande, men boka vil òg vere nyttig for lærarar i grunnskulen som ønskjer konkrete metodar for å skape lesarglede, styrkje lesekompetansen og byggje lesefellesskap.
For bokredaksjonen i LNU
Tor Ragnar Hjelmtveit
Avbestillingsfrist: 8. september

