Ny bok i Norskbokklubben

Front cover 9788245032000.jpg

Det overordna målet denne boka er å ruste oss til å undervise elevar, studentar og andre i norsk som andrespråk på ein betre måte. Forfattarane Cecilie Slinning Knudsen og Olaf Husby, begge med lang fartstid i andrespråksundervisinga på NTNU, gir her ein skikkeleg introduksjon til korleis ein kan undervise i norsk uttale. Fonologi er lydanes grammatikk og noko alle burde ha interesse av å lære meir om. Det er langt meir grunnleggande enn grammatikken i eit skriftspråk.

Vi lærer at norsk er eit vokalrikt språk, og særleg er dei fremre runda vokalane /y, ø, ʉ/ sjeldne i andre språk. Derfor er det krevjande både å høyre dei og produsere dei når ein ikkje har desse i førstespråket sitt. Det blir gitt døme på korleis ein kan øve på lydane i klasserommet. Kor krevjande er det ikkje å forklare uttaleforskjellen på håpe og håpet? Og har vi i det heile tenkt på at nokon ikkje kan høyre forskjellen? Denne boka får oss til å sjå – eller høyre – oss sjølve tydelegare utanfrå. Det er ein avgjerande viktig eigenskap for lærarar som har minoritetsspråklege elevar.

              Korleis skal vi forresten lære vekk om uttale i eit land fullt av uttaleforskjellar og utan ein klar munnleg standard? Det finst dialektar med endå fleire vokalar enn dei som er vanleg å rekne med i norsk. Tonesystemet er ulikt mellom landsdelane. For å gjere framstillinga overkomeleg mellom to permar har forfattarane tatt utgangspunkt i «urban austnorsk», men her må den enkelte læraren gjere sine tilpassingar. Boka gir grunnlag for det gjennom tilstrekkeleg med teori og praktiske øvingar (inkludert nettressursar) å tenke ut frå.

Mot slutten får vi òg ein snøggintro til fonologien i fem sentrale minoritetsspråk i Noreg. Vi treng noko kunnskap om ulike førstespråk for å vite kva grunnlag elevane i det fleirspråklege klasserommet møter norsk med.

For bokredaksjonen i LNU

Leiv Inge Aa

Avbestillingsfrist 15. februar. Avbestill her, eller send en e-post til lnu@fagbokforlaget.no

Print Friendly and PDF

Utdeling av LNU-prisen og foredraget, “Hvordan avslører vi uredelig retorikk?”, med Ole Hjortland og Pål Antonsen (UiB)

Til minne om Frøydis Hertzberg

Til minne om Frøydis Hertzberg