Ny bok i Norskbokklubben

Ny og kjærkommen bok i Norskbokklubben - Nynorsk på nytt av Norunn Askeland, Cecilie Falch-Ytter og Ingrid Ertzeid

Forside,_Nynorsk_på_nytt.png

Norunn Askeland, Ingrid Ertzeid og Cecilie Falck-Ytter

Nynorsk på nytt – på nytt!

Norskfaget er eit fag i endring, ikkje berre grunna fagfornyinga, men også fordi det norske språket endrar seg. Då er det kjekt at gode følgjesvener i norskundervisninga kjem i nye utgåver. Nynorsk på nytt kjem no på nytt og er oppdatert både om læreplanendringar og språkreformer sidan sist, i tillegg til å ta opp språklova som kjem hausten 2020.

Denne boka har allereie følgt mange av oss, både lærarstudenten og norsklæraren. I Nynorsk på nytt finn ein gode tips til nynorskundervisninga, med hovudvekt på sidemålsundervisninga, både for ungdomsskuleelevar og dei på vidaregåande, med tilpassingar oppover og nedover. Her finst alt frå leikande aktivitetar (eller «Meiningsfull moro») til grammatikkøvingsaktivitetar, og mange gode råd om å skrive og lese nynorsk. I den nye utgåva er desse delane utvida og er endå meir rikhaldige. I tillegg inneheld boka oppdatert informasjon om den nynorske språksituasjonen og om forsking og forsøk i sidemålsundervisninga.

Å undervise i nynorsk som sidemål kan opplevast som ei utfordring, særleg om ein ikkje kjenner seg heilt stø i det nynorske språksystemet sjølv. Trongen for meir kunnskap om dette har forfattarane lytta til, og den nye utgåva inneheld difor ein del om nynorsk grammatikk. Denne delen er særleg retta mot det elevar (og studentar) strevar med når dei skal lære seg nynorsk. Den nye grammatikkdelen kan dessutan innehalde eitt og anna interessant poeng sjølv for norsklærarar med lang nynorskerfaring.

For dei som ikkje hadde skaffa seg denne følgjesvenen frå før, er det ingen grunn til å ignorere han no. Og for oss andre er det god grunn til å gje 2020-utgåva merksemd og hylleplass.

For bokredaksjonen i LNU
Irene Brendehaug

Avbestillingsfrist 16. juni

Print Friendly and PDF
Blekesaune og Vangsnes: Språk og standpunktkarakterer i nynorsk- og bokmålskommuner på Vestlandet

Blekesaune og Vangsnes: Språk og standpunktkarakterer i nynorsk- og bokmålskommuner på Vestlandet

Andersen: Ruth Lillegraven og den nietzscheanske modernismen

Andersen: Ruth Lillegraven og den nietzscheanske modernismen