Norsklæraren 4-25

Norsklæraren 4-25

Drep meg, herre konge, berre ikkje med etos, logos og patos!

Eg meiner året var 2010. Ikkje at årstalet er det mest sentrale i denne historia. Men la oss seie at årstalet var 2010. Eg var sensor i norsk hovudmål, og kortsvarsoppgåva var ei form for retorisk analyse. Alle som har vore sensorar veit at det er stor fare for slitasje og «varig svekkede sjelsevner» når sensurbunka nærmar seg slutten og du har lese rundt 200 svar av same oppgåve, men at alt dette er gløymt når sensormøtet er ferdig og sommarferien kan starte. Men denne oppgåva, den sette spor i denne norsklæraren. Det var nemleg min første tur ned i ”etos-, logos- og patos-sumpa”. Ei sump av tekstar der skrivarane peikar på døme på etos, logos og patos – og ferdig med det, liksom.

Med innføringa av Kunnskapsløftet i 2006 blei retorikken introdusert som analysereiskap for sakprosatekstar. Der elevane før hadde brukt språkbruksanalyse, skulle dei nå bruke omgrep frå det retoriske reiskapsfaget som analytisk ramme. Ein rask kikk i læreboka eg brukte i klasserommet mitt på den tida, viser at det i alle fall ikkje var lagt opp til eit einsidig fokus på appellformene. Her blir det lista opp over 40 greske/latinske omgrep, alt frå paronomasi til oxymoron og homonymi. Vanlege ord og omgrep som eksempel blei snikgreskifisert til exemplum. Og eg køyrde omgrepsbonanza! Vi pugga omgrepa og øvde oss på å kjenne dei igjen i tekstar. Det heile utvikla seg til ei meir eller mindre avansert «peikebok»-øving: «Sjå! Eit oxymoron», kunne elevane mine seie. «Ja, korleis vil du forklare dette omgrepet?», kunne eg svare. Lengre enn dette kom vi ofte ikkje. Vi klarte ikkje heilt å finne meininga i denne teksttolkinga, bortsett frå den retoriske analysen i seg sjølv.

De skjønner vel at eg set det heile litt på spissen? Men alle veit at bak ein solid hyperbol ligg ei kjerne av veritas. Eg trur ikkje eg er aleine i å synest at den retoriske analysen er vanskeleg. Det har blitt luka kraftig i det retoriske omgrepsbedet, og i læreplanen er det berre appellformene og omgrepet «retorisk situasjon» som er nemnt. Likevel er det vanskeleg (synest eg!) å få til ei undervisning der elevane les sakprosatekstar på ein kritisk måte, at dei forstår kva interesser, makt og konfliktar som ligg til grunn for teksten.

Kan årsaka vere at det krev kunnskap om samfunn, politikk og verda generelt for å kunne svare godt og presis på kva den retoriske situasjonen rundt teksten er? I norskfaget gir vi ikkje elevane ei grundig innføring i konteksten til sakprosatekster, slik vi underviser i litteraturhistorie for at elevane skal forstå dei skjønnlitterære tekstane betre. Eller kan ei årsak vere at arven frå det klassiske reiskapsfaget retorikk gjer at vi i for stor grad er opptekne av å finne ut om avsendaren av ein tekst har «vore flink» til å bruke verkemiddel på ein god måte, heller enn å undersøke kritisk kva verdiar, haldningar eller premiss som ligg til grunn for ytringa?

I denne utgåva av Norsklæraren kan du lese ein reportasje frå Retorikkrådet, årets haustarrangement i regi av LNU. Rådet diskuterte nettopp utfordringar kring den retoriske analysen. Du kan også lese korleis Tangen vgs har arbeidd målretta med å styrke den retoriske handlingskrafta hos elevane sine. I tillegg blir retorikk tematisert  både i kritisk spalte og i stipendiatens spalte. Kva potensial ligg i den retoriske analysen i skulen? I alle fall meir enn å vere ei sump eller omgrepsbonaza.

Jorunn Øveland Nyhus, redaktør

Print Friendly and PDF
Brekka og Aasen: Utforskende lesing av sakprosa i norskfaget på mellomtrinnet - en studie av læreres forståelser

Brekka og Aasen: Utforskende lesing av sakprosa i norskfaget på mellomtrinnet - en studie av læreres forståelser

Påmelding og program til LNU-konferansen 2026: Faglige floker