Kontakt anne.koch@fagbokforlaget.no for spørsmål om påmelding og deltaking. Frist for påmelding er 20. februar 2026.
Tid og stad: 20.-21. mars på Quality Hotel Expo, Fornebu
Nedanfor finn du informasjon om programmet.
Velkomen!
LNU tøffar seg opp og vil løyse (nesten) alle verdsproblema i norskfaget. Alt som er faglege flokar, kan også vere gøy. Korleis skal vi undervise i to læreplanar i same klasse, eller få elevar til å smile medan dei skriv på sidemålet sitt? Og kva om dei veka etter skal lese ein eldgamal klassikar, før dei på toppen av det heile skal tenkje og skrive om han - med eller utan språkrobot?
Veit du ikkje kva transspråking er, seier du? Eller korleis fikse diskusjonar om kontroversielle tema i klasserommet? I løpet av konferansen får du svar på det også.
Program fredag 20. mars
10.30: Velkomen, ved styreleiar Cathrine Krogh
10.45: Opning av konferansen ved Mathilde Tybring-Gjedde, leiar i Utdannings- og forskningskomitéen
11.00: Marte Blikstad-Balas. Norskfaget sine snubletrådar - og korleis dei kanskje kan løysast
Marte Blikstad-Balas har dei siste femten åra vitja ei rekkje klasserom og sett hundrevis av norsktimar. I dette innlegget deler ho døme på utfordringar som går igjen: korleis tolke tekstar saman med elevane utan å gjere heile jobben sjølv, korleis tolke tekst i kontekst når elevane ikkje kan så mykje om konteksten, og ikkje minst: korleis skape entusiasme og ei oppleving av relevans? Marte skal kombinere funn frå forsking med ferske døme frå klasserommet.
Marte Blikstad-Balas
Marte Blikstad-Balas er professor i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking ved Universitetet i Oslo. Ho underviser og rettleier kommande norsklærarar på Lektorprogrammet, og har skrive ei rekkje artiklar og bøker om kva som kjenneteiknar lesing og skriving i norskfaget. Marte er spesielt oppteken av korleis digitalisering endrar måten vi underviser og lærer på i norsktimane.
11.45: Pause
12.00: Joke Dewilde. What’s in a name? Frå fleirspråklegheit til transspråking i klasserommet
Elevar i dagens skole bevegar seg mellom språk, digitale rom og kulturelle fellesskap kvar dag, også når dei sit i norskklasserommet. Samtidig møter lærarar både elevar som nyleg har komme til Noreg, og elevar som har vakse opp her med fleire språk i kvardagen. I dette foredraget ser Joke Dewilde nærmare på kva som skjer når elevar ikkje berre brukar «eit språk om gongen», men trekkjer på heile det kommunikative repertoaret sitt gjennom transspråking. Begrepet handlar ikkje berre om å krysse språkgrenser, men om identitet, tilhøyrsle og tilgang til kunnskap. Ho koplar teori til konkrete døme frå ungdomsskole og vidaregåande, inkludert arbeid med fagtekstar, munnleg aktivitet og skriving. Ho vil også diskutere korleis lærarar kan støtte elevane sin språkekspertise og samtidig arbeide bevisst med språkskam. Målet er å gi praktiske verktøy og refleksjonar for å sjå og bruke språklege ressursar i alle norskklasserom.
Joke Dewilde
Joke Dewilde er professor i fleirspråklegheit i utdanning ved Universitetet i Oslo. Ho underviser og rettleier studentar som er nysgjerrige på korleis fleirspråklegheit kan brukast som ressurs i opplæringa. Sentrale tema i forskinga hennar er fleirspråklege lærarar, ungdommar si fleirspråklege skriving i og utanfor skolen, og utvikling og bruk av fleirspråklege læremiddel.
Foto: UiO
13.00: Lunsj
14.00: Janne Stigen Drangsholt. Klassikartvang?
Klassikarar er verk som er rekna blant dei fremste og mest akta i historia til eit land eller ein kulturkrets. Det er fleire ting som kan gjere at eit verk blir særleg respektert. Til dømes kan det ha noko å seie oss, sjølv om det er fleire hundre år sidan det blei skrive ned. Eller det kan fortelje noko sentralt om nasjonal identitet. Ein tredje ting er at det vanlegvis er skrive for og av vaksne menneske. Kvifor meiner vi da at ungdommar bør lese dei? Dette spørsmålet – og fleire andre – vil Janne Stigen Drangsholt ta for seg i foredraget "Klassikartvang?", kor vi også ser inn i framtida og spør: Skal vi fortsetje å tvinge klassikarar på elevane våre?
Janne Stigen Drangsholt
Janne Stigen Drangsholt er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Stavanger. Ho har hatt stor suksess med romanane sine om Ingrid Winter. Drangsholt er også kjent som programleiar i Aftenbladets podkast Aftenbla-bla, og NRK-podkastane Janne og Jostein-show og Kjente bøker på fire minutt, der sistnemnde har inspirert ho til å skrive sakprosabøkene Fra Shakespeare til Knausgård. 66 klassikere du naturligvis har lest (2020) og Fra Snorre til Skaranger. 66 norske klassikere du naturligvis har lest (2024) (begge illustrert av Therese G. Eide).
Foto: Tommy Ellingsen
14.45: Pause
15.00: Overrasking! Seier ikkje meir.
15.45: Camara Lundestad Joof, Tonje Vold og Kristin Ask
Vi har invitert ein forfattar, ein litteraturvitar og ein lærar til samtale om flokar vi kan møte på når vi les om verda med elevane våre. Korleis kan vi skape gode samtalar om kontroversielle tema? Om farlege tema? Og er det farleg at det er farleg? Nokre gongar er litteraturen veldig tett på verkelegheita. Korleis handterer vi det? Litteraturen er uansett ein særeigen moglegheit for klassen til å snakke om det vanskelege, det framande, det farlege, men lett er det ikkje! Kanskje det blir litt lettare etter denne samtalen.
Camara Lundestad Joof
Camara Lundestad Joof er ein norsk-gambisk forfattar, scenekunstnar og dramatikar. Frå 2021 til 2024 var ho husdramatikar på Nationaltheatret. Stykket hennar De må føde oss eller pule oss for å elske oss (2021) vann Heddaprisen for beste scenetekst, og blei nominert til Den nasjonale Ibsenprisen. Det er gitt ut på Oktober forlag.
Den kritikarroste debutboka hennar Eg snakkar om det heile tida (2018) blir lese på ungdomsskolar og vidaregåande skolar i Noreg og er universitetspensum i Noreg, Sverige og USA. I 2022 blei boka nominert til Bibliotekets litteraturpris.
Joof er nestleiar i Kulturrådet og kunstnarisk leiar på Dramatikkens hus.
Foto: Odin Drønen
Tonje Vold
Tonje Vold er professor litteraturvitskap ved ILN, UiO. Ho har blant anna gitt ut bøkene Litterære rettighetskamper i Skandinavia (2024, red med Bjerknes og Oxfeldt) og Å lese verden. Fra imperieblikk og postkolonialisme til verdenslitteratur og økokritikk (2019).
Dei faglege interessene hennar er knytt til litteratur og demokrati, litterær aktivisme og litteraturformidling.
Foto: UiO
Kristin Ask
Kristin Ask har arbeidd som norsklærar sidan 2003, dei 14 siste åra på Oslo katedralskole. Frå posisjonen sin bak kateteret har ho skrive ei rekkje ytringar blant anna om viktigheita av å undervise i kontroversielle tema og tekstar.
Ho var ein av forfattarane bak kronikken «Vi blir anklaget for rasisme når vi underviser om rasisme», som lærarane på Oslo katedralskole fekk Fritt Ords honnørpris for i 2024.
16.30: Pause
19.30: Festmiddag med underhaldning og utdeling av LNU-prisen
Laurdag 21. mars
09.00: Jostein Saxegaard. Sjanger og stemme
Sidan «skrivebotane» gjorde entre med eit brak hausten 2022, har ikkje norskfaget vore heilt i form. Norsklærarkvardagen er nå full av utfordringar ein knapt kunne førestille seg for få år sidan, og særleg skriveopplæringa står overfor ei eksistensiell utfordring: Kvifor skal vi eigentleg fortsetje med skriveopplæring i norskfaget? Vi kan ikkje utan vidare fortsetje som før, men kva bør eventuelt endrast og kvifor? I dette foredraget ser Jostein Saxegaard nærmare på dei fire store skolesjangrane fagartikkel, skjønnlitterær tolking, retorisk analyse og essay: Kva verdi har arbeid med nettopp desse sjangrane? Og kva utfordringar og moglegheiter gir den nye teknologien?
Jostein Saxegaard
Jostein Saxegaard har master i allmenn litteraturvitskap fra UiB og er til vanleg lektor i norsk og tysk ved Porsgrunn vidaregåande skole.
Han har arbeidd mykje med essay, blant anna gjennom foredragsverksemd for LNU og juryarbeid for Fritt Ord-konkurransen. Han har skrive ein artikkel om essayarbeid i skolen for Norsklæraren (#3-19) og kapitlet om essay i den nye versjonen av Cappelens læreverk Moment 3 (2022).
I 2026 kjem boka Sjanger og stemme ut som han har skrive saman med Jorunn Øveland Nyhus, Kjersti Rognes Solbu og Siv Sørås Valand.
09.45: Pause
10.00: Parallelle sesjonar, del 1
Parallell 1: Tone Evensen. Kort butid. Rom for alle språk – strategiar for eit inkluderande klasserom
Kva gjer vi når klasserommet rommar elevar på heilt ulike språklege og faglege nivå – og alle skal lære norsk? Korleis kan vi leggje til rette for læring, meistring og deltaking for elevar med kort butid utan å senke krava til resten av klassen? Tone Evensen viser korleis transspråking, samarbeidslæring og ei ressursorientert tilnærming kan gjere det mogleg å undervise i fellesskap på tvers av språk og nivå. Gjennom konkrete døme frå praksis får deltakarane idear til korleis dei kan byggje stillas for læring, skape inkluderande samtalar og gi elevar med kort butid eit reelt læringsutbytte i møte med norskfaget.
Tone Evensen
Tone Evensen er lærar, fagutviklar og grunnleggjar av Magisk Kunnskap, som utviklar fleirspråklege og inkluderande læringsressursar for elevar med ulik skolebakgrunn.
Ho har lang erfaring frå arbeid med ungdom og vaksne med kort butid i Noreg og har gitt ut fleire bøker for både lærarar, elevar og studentar.
Evensen blei tildelt Den europeiske språkprisen for arbeidet sitt med fleirspråklege forteljingar og inkluderande klasserom i 2017 og har sidan arbeidd for å løfte fram elevane sine språk, stemmer og forteljingar som ein ressurs i klasserommet.
Parallell 2: Marit Eikeland. Å prompte seg til norskfagleg kompetanse
Vi norsklærarar har vore kreative på å lage skriveoppgåver som ikkje lar seg løyse med hjelp frå kunstig intelligens. Skuffelsen er stor når vi likevel får inn tekstar om alle barna Karen må stelle i stand jul til, pakka inn i velkjente generiske formuleringar. Samtidig slit mange elevar med å forstå struktur og temasetningar, trass i tallause tilbakemeldingar, samtalar og modelleringar i klasserommet. Korleis få tid til å prate med og rettleie heile klassen i skriveprosessen? Kan kunstig intelligens bli brukt læringsfremjande slik at elevane både skriv sjølv og blir meir bevisste sjangerkrav? Her vil Marit vise korleis det å la elevane lage «tilbakemeldingsbotar» med tydelege leietekstar kan styrke elevane sin norskfaglege kompetanse. Kanskje gjer det også elevane meir kritiske til å bruke kunstig intelligens før dei har lese, tenkt og skrive sjølv?
Marit Eikeland
Marit Eikeland har sidan 2008 arbeidd som norsklærar ved Oslo katedralskole. Ho har ein mastergrad i nordisk litteratur frå NTNU. I dei siste åra har ho vore med i eit samarbeidsprosjekt mellom UiO og Osloskolen, FIKS, om kunstig intelligens i norskfaget. Her undersøkjer lærarar og forskarar korleis kunstig intelligens kan brukast på ein læringsfremjande måte i undervisninga.
Parallell 3: Ida Lovise Bøe. Frå motstand til begeistring - nynorsk som sidemål
Mange norsklærarar opplever det som ein fagleg floke å undervise i nynorsk som sidemål. Ida Lovise Bøe kjem til LNU-konferansen for å snakke om kva som kjenneteiknar god nynorskopplæring, både kva flokar ein ser og moglege løysingar på desse. Ho presenterer konkrete, utprøvde undervisningsopplegg og metodar som har vist seg å fungere i klasserom med bokmål som hovudmål, og deler erfaringar frå elevar som har arbeidd med desse opplegga.
Ida Lovise Bøe
Ida Lovise Bøe er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, Nynorsksenteret. Ho arbeider også som lektor på Steinkjer vidaregående skole der ho mellom anna har leidd skolens satsing Nynorskveka.
10.45: Pause
11.00: Parallelle sesjonar, del 2, med same foredrag som i del 1
11.45: Pause
12.00: Tore Renberg
Vi har invitert Tore Renberg, agent i same landskap som oss, til å avslutte konferansen og styrkje moralen vår. Vi er mange norsklærarar som kjenner at det kostar å insistere på at litteratur og utvikling av sjølvstendig tenking og skriving er viktig når stadig sterkare kreftar utanfor skolen trekkjer i motsett retning.
Vi har bedt Renberg fortelje oss kvifor han meiner vi skal fortsetje å insistere.
Tore Renberg
Tore Renberg vaks opp på Madla utanfor Stavanger, der han skreiv sitt fyrste dikt andre juledag i 1986. Det blei starten på eit forfattarskap prega av stort overskot, djup innleving og ei imponerande spennvidde, frå dei ikoniske oppvekstbøkene om Jarle Klepp til romanar som Tollak til Ingeborg og Du er så lys, og den oppsiktsvekkande Teksas-serien. Etter fem år med grundig research gav Renberg ut sin fyrste historiske roman, Lungeflyteprøven, i 2023. Romanen er eit foreløpig hovudverk i forfattarskapet hans og har blitt sett på som ei sjangerfornying. Renberg har motteke ei rekkje litterære prisar, og bøkene hans er gitt ut i 26 land. I 2024 blei Tollak til Ingeborg nominert til Strega-prisen, den mest prestisjetunge litterære prisen i Italia. (Forlaget Oktober)
Foto: Petter Sandell
12.45: Avslutning
13.00: Lunsj
14.30-15.30: Årsmøte i LNU
Opent for alle medlemmar.

