Norsklæraren 2-25
Munnleg mot og meistring
Det nærmar seg vårens vakraste eventyr: Eksamenstida! Eg er ein av dei som meiner at skular bør flagge på eksamensdagen i norsk hovudmål, og av dei som meiner at munnleg eksamen er like stas som bursdag, 17.mai og nyårskvelden.
Eit anna vakkert eventyr er LNU-konferansen. I år var tema for konferansen munnleg mot og meistring. Kvifor er det så viktig at elevar har ein god grunnleggande munnleg kompetanse? Og kva kan vi gjere for at elevar utviklar seg i ulike munnlege roller? I denne utgåva av Norsklæraren kan du lese artiklar som tek for seg nettopp desse spørsmåla.
Du kan òg lese artikkelen «Kan man sette karakter på en dialog?» skriven av Marit Skarbø Solem. Artikkelen er basert på foredraget ho heldt på konferansen der ho granska kva kompetanse vi ser etter når elevar har munnleg eksamen. Solem skildrar godt utfordringar knytt til utvikling av munnleg kompetanse hos elevar, men det eg særleg beit meg merke i, var påstanden hennar om at «om muntlig eksamen tester noens samtalekompetanse, er det kanskje først og fremst sensorenes». Sensorar med god samtalekompetanse aukar nivået på samtalen – også bidraga eleven kjem med. Dei gode sensorane, i følgje Solem, lagar samanhengar og stiller spørsmål basert på svara og innspela elevane kjem med, slik at eleven klarer å sy saman gode faglege resonnement. Ein god sensor klarer å få elevane til å kjenne seg trygge i samtalen slik at dei kjenner på både meistring og mot. Men er vi sensorar klare over styrker og svakheiter med eigen munnleg kompetanse? Når elevane «rett og slett [er] prisgitt sensorer med god samtalekompetanse» så bør ein kanskje jobbe meir systematisk med munnlegkompetansen til norsklærarane generelt og sensorane spesielt?
På skulen der eg arbeider, Hartvig Nissens skole, arrangerer vi kvar vår «prøve-munnleg» for elevane på vg3. I par gjennomfører elevane ein vurderingssituasjon som liknar munnleg eksamen med eigen faglærar som sensor og ein annan norsklærar ved skulen som medsensor. Eit mål med prøve-munnleg er å gi konkrete råd til kva elevane kan forbetre til ein eventuell eksamen – fagleg, men også kommunikativt. I avdelinga diskuterer vi felles funn på tvers av klassar og kva konsekvensar dei bør eller kan ha på undervisninga vår. Men kva med vår – altså faglæraranes - munnlege kompetanse? Diskuterer vi den? Nei. Bør vi gjere det? Ja.
For at munnleg eksamen skal bli like stas som bursdag, 17.mai og nyårskvelden oppmodar eg derfor norsklærarar til å jobbe meir systematisk med både eigen og kollegaers munnlege kompetanse. På den måten legg vi kanskje endå betre til rette for at elevar kan utvikle munnleg mot og meistring?
Jorunn Øveland Nyhus, redaktør