Norsklæraren 2-20

Norsklæraren 2-20

Ein norsklærar med respekt for seg sjølv, kan ikkje dra på ferie utan Norsklæraren i reiseveska. Her finn du all den intellektuelle, åndelege og didaktiske bagasjen du treng for å møte frisk og rask til ein ny skulekvardag til hausten.

I bladet får du presentert dei nye læreverka for norsk i vidaregåande skule, du finn bokmeldingar og boktips. Er du interessert i kva slags tekstar norsklærarar faktisk vel å ta med seg inn i undervisninga si, bør du lese Guro Stordrange og Marte Blikstad-Balas sin artikkel “Skjult kanon og skjult sakprosa” . Ingrid Lund skriv om korleis ein kan utvikle kritisk literacy i norskfaget. Den vitskaplege artikkelen tek for seg språk og standpunktkarakterar i nynorsk-og bokmålskommunar på Vestlandet. Sjølve rosinen i pølsa, eller stråhatten i feriebagasjen, er eit utdrag frå den nye boka til forfattar Bår Stenvik. I “Den store fortellingen” skriv han om korleis liva våre blir forma av teknologi og forteljingar.

Innholdsbilde.jpg

Er du ikkje medlem av LNU, får du heller ikkje tilgang til Norsklæraren. Men det kan du jo gjere noko med!


Print Friendly and PDF

Dette mener LNU

Blekesaune og Vangsnes: Språk og standpunktkarakterer i nynorsk- og bokmålskommuner på Vestlandet

Blekesaune og Vangsnes: Språk og standpunktkarakterer i nynorsk- og bokmålskommuner på Vestlandet