Ny bok i Norskbokklubben: Språkspor. Språk, stad og didaktikk

Trude Bukve, Ingvil Brügger Budal og Samuele Mascetti (red.)

Kvar enn vi går, ser vi spor av språk – eit gateskilt, eit namn på eit fjell eller ein graffiti på ein vegg. Desse konkrete spora har både lærarar og elevar eit forhold til, og vi kan bruke dei til å gje elevane innsikt i språk på ein ny måte. Det gjev oss nye grep for å få elevane aktive i læringsprosessen, anten dei går i barneskulen, på ungdomstrinnet eller på vidaregåande.

Gjennomgåande i norsklæreplanen, frå første klasse til vg3, er målet at elevane skal lære om samanhengen mellom språk, kultur og identitet, og dei grammatiske sidene ved språket, i eit synkront og diakront perspektiv. Språkspor gjev både lærarstudenten og norsklæraren inspirasjon og hjelp til å ta staden aktivt i bruk for å formidle denne språkkunnskapen. Vi får lære korleis språkspor i lokalmiljøet kan brukast i arbeid med språkhistoriske tema, talemål, skriftspråk, fleirspråklegheit, minoritetsspråk og nabospråk, og når ein arbeider med spørsmål om normering, språkpolitikk og identitet.

Forfattarane viser korleis elevane kan utforske desse temaa, og dei gjev mange døme frå ulike delar av Noreg. I tillegg får vi styrka den generelle kompetansen i etymologi, namnegransking og andre språkforskingsfelt. Det gjer terskelen for å ta elevane med ut på utforsking lågare, uansett klassetrinn. Lokalmiljøet treng ikkje avgrense oss heller, eit bilete eller kartsøk på nettet vil også kunne gjere språktemaa meir konkrete og verkelegheitsnære – dette er språkspor elevane kan granske i klasserommet. Til sist får vi også eit kapittel om korleis samfunnsfaget og norskfaget kan ta staden i bruk i eit tverrfagleg læringsopplegg, heilt i tråd med intensjonane i den nye læreplanen.

Språkspora i lokalmiljøet er ei skattkiste for elevane å utforske, og Språkspor er ei skattkiste for oss lærarar. God utforsking!

For LNU sin bokredaksjon

Irene Brendehaug

Frist for avbestilling: 22. september

Print Friendly and PDF
Norsklæreren 3-23

Norsklæreren 3-23

Arrangement på Litteraturhuset (Amalie Skram) i Oslo 26. oktober: Skriving i chatbotens tid