Ny bok i Norskbokklubben: Språket som superkraft

Dyra er på mange måtar mennesket overlegne: Dei spring fortare, høyrer og ser betre, er mykje sterkare og kan fly! Men éi superkraft har vi som dei manglar: språket. Det gjer mellom anna at vi kan drøyme om å få til alt dyra får til. Men hunden din drøymer neppe om menneskets bragder, som Bach-kantatane, Nidarosdomen og helsevesenet. Dette føreset språk. Språket som superkraft løftar nettopp fram store og små perspektiv på kva menneskespråket eigentleg er, og kva det gjer med oss som art.

              Boka er på eit vis ikkje éi bok, men tre. Kvart kapittel er fargekoda med grønt, gult og raudt. Det grøne nivået introduserer språklege tema på ein undrande og tilgjengeleg måte utan å ta i bruk avansert fagspråk. Desse delane kan fint lesast av eller for barn. Dei gule delane held eit godt folkeopplysande nivå, som vaksne og ungdom utan språkfagleg bakgrunn fint kan lese. Det raude nivået er det vitskaplege nivået, der fagspråk og referansebruk svarar til det ein kjenner frå universitetet. Samla legg altså boka opp til at ho anten kan ha tre ulike lesarar, eller at den same lesaren kan gå gradene både opp og ned. Dei som er på gult nivå, kan utfordre seg på det raude. Dei som er på raudt nivå, får kanskje idear til undervising gjennom det gule og grøne. Slik kan boka vere til god hjelp for lærarar som skal undervise i språklege emne på ulike nivå.

              Kva gjer så språket til ei superkraft? Eit av svara er kanskje måten det kombinerer form og funksjon på. Hovedtyngda i boka ligg på formsidene av språket. Vi får ei grundig innføring i korleis fleire ulike språklege fenomen er strukturerte, t.d. tid (tempus) og modalitet, og ei rekke visuelle figurar gjer det lettare å forstå setningsstruktur og ordstilling. Vi får òg vite at språket slett ikkje berre er eit kommunikasjonsverktøy, men også «til innvendig bruk».

              Ein femteklassing spurde meg i fjor: Kvifor heiter mjølk «mjølk» og jus «jus»? Det same spørsmålet stilte grunnleggaren av den moderne språkvitskapen, Ferdinand de Saussure, for over 100 år sidan, og det viser rett til eit av kjenneteikna ved menneskespråket: ikkje-samanhengen mellom eit ords form og innhald. Kvifor ser språket ut som det gjer? Kor kjem språket frå? Kvifor lærer vi språket akkurat slik vi gjer det, og kvifor har ikkje hunden min den same superkrafta? Det er ikkje berre språkvitarar som lurer på dette. Med fargekodane er det nettopp det denne boka tar på alvor: at vi alle er språkundrarar.

 

For bokredaksjonen i LNU

Leiv Inge Aa

Kristin Melum Eide er professor i nordisk språkvitenskap ved Institutt for språk og litteratur, NTNU. Foto: Kristin Støylen

Bøker sendes ut ca. 11. oktober.

Avbestilingsfrist er 4. oktober.

Print Friendly and PDF
Norsklæreren 3-22

Norsklæreren 3-22

Presentasjoner fra LNU-konferansen 2022, “Tel denne? Om vurdering i det fornya norskfaget”