Siste artikler

Norskbokklubben

Ny bok i Norskbokklubben: Å studere sosiolingvistikk

Toril Opsahl og Stian Hårstad:

Å studere sosiolingvistikk

Dette er ei etterlengta innføringsbok i sosiolingvistikk, eit fagfelt som undersøkjer korleis språkbruken vår heng saman med kvar vi kjem frå, kven vi er, og kva sosiale fellesskap vi høyrer til.

For norsklærarar er boka særleg interessant av to grunnar. For det første speglar ho vekta på sosiolingvistiske tema i læreplanane, ikkje minst i LK20. Ho gir læraren fagleg tryggleik til å undervise om språkleg variasjon og endring, språknormer, identitet og språkhaldningar.

For det andre vekkjer desse temaa nysgjerrigheit og engasjement hos elevane. Unge menneske liker å reflektere over språkbruk, og dei veit allereie mykje om korleis språkbruken varierer mellom menneske, stader og situasjonar. Med utgangspunkt i eigne erfaringar kan dei undersøkje språkbruken rundt seg og utforske samanhengane mellom språk og samfunn.

Boka er skriven på ein tilgjengeleg og engasjerande måte, med mange konkrete døme som gjer ho lett å bruke i undervisninga.

Opsahl og Hårstad er sentrale namn i norsk sosiolingvistikk. Dei har solid erfaring frå både forsking, undervisning og fagformidling. Det merkast godt i måten dei gjer innhaldet forståeleg, levande og relevant på.

For norsklærarar i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring gir boka både fagleg fordjuping og inspirasjon til utforskande undervisning, der elevane vil ha stor glede og nytte av å bruke sin eigen språkkunnskap.

For bokredaksjonen i LNU

Tor Ragnar Hjelmtveit


Avbestillingsfrist: 1. desember





Print Friendly and PDF
Aaness: Litteratur og eksistens. Om å stimulere til leselyst og leseglede - et åpent innspill til lesekommisjonen og norsklærere

Aaness: Litteratur og eksistens. Om å stimulere til leselyst og leseglede - et åpent innspill til lesekommisjonen og norsklærere