Ny bok i Norskbokklubben: Å studere Ibsen

Aasta M.B. Bjørkøy, Mads B. Claudi og Janicke S. Kaasa: Å studere Ibsen

Treng vi endå ei Ibsen-bok, spør forfattarane i forordet i denne boka. Svaret er ja – denne boka treng vi, anten «vi» er lærarstudentar, ferske norsklærarar på ungdomstrinnet eller røynde norsklektorar i vidaregåande.

Å studere Ibsen tek føre seg dei mest kjende tekstane hans: «Terje Vigen», Peer Gynt, Et dukkehjem, Gengangere, En folkefiende, Vildanden, Hedda Gabler og Lille Eyolf. Forfattarane nærles tekstane og gjev oss relevant faktainformasjon om samtida og forfattarbiografien. Vi får innblikk i resepsjonshistoria heilt frå verka var nye og fram til korleis vi oppfattar dei i dag.

Dette er boka for den som ønskjer ei djupare forståing av Ibsen-stykka, men som ikkje har tid til å fortape seg i den omfattande sekundærlitteraturen. Litteraturteori kastar også lys over sentrale trekk ved sjanger og tematikk. Kvart kapittel inneheld dessutan ei eiga side om adaptasjonar av verket, som gjev nye og spanande innfallsvinklar til tekstane, og den fyldige litteraturlista peikar vidare i Ibsen-utforskinga.

Sjølv om boka eignar seg for fleire enn norsklærarar, er den effektive framstillinga særleg godt eigna for denne lesargruppa – mange av perspektiva og sitata kan finne strake vegen inn i klasserommet. I ei tid med debatt om innhald i norskfaget bør i alle fall Å studere Ibsen finne vegen til arbeidsrommet. Her får vi ei tydeleg påminning om kvifor vi framleis skal lese Ibsen.

For LNUs bokredaksjon

Irene Brendehaug

Avbestillingsfrist: 9. mars

Sendes ut: ca. 10. mars





Print Friendly and PDF

Årsmøte i LNU 21. mars 2026