Ny bok i Norskbokklubben: Å studere adaptasjonar

Per Esben Svelstad: Å studere adaptasjonar

Då særemnet eller fordjupingsoppgåva trona på toppen av kransekaka i norskfaget, hadde studiet av adaptasjonar ein sentral plass i undervisninga. Men etter Fagfornyinga har vi kanskje gløymt dette litt? Det er det få gode grunnar til. Å samanlikne ein tekst i ulike medialiseringar er svært lærerikt – og her kjem boka som sprøytar friskt blod inn i arbeidet!

Å studere adaptasjonar minner oss om kor breitt feltet er, spekka med døme frå kjente og ukjente filmar, teikneseriar, teater og kunstløp. Mange av tekstane høyrer heime i læreplanen, men her er også elevnære døme, som Disney-filmar, Dune og Barbie – det er jo sånt som lærarar likar.

I Fagfornyinga står djupnelæring og kritisk tenking sentralt, særleg gjennom forståinga av tekst i kontekst. Boka er ei solid støtte for læraren i dette arbeidet. Ho gjev lettfatteleg innføring i adaptasjonsteori, støtta av konkrete tekstdøme. Her får vi hjelp til å undersøke den kunstnariske verdien til adaptasjonen, og kva som skjer når ein skriftleg tekst vert til noko meir sanseleg.

Gjennom analysane viser forfattaren korleis sjølv kommersielle produkt kan ha eit subversivt potensial ved å utfordre normer, maktstrukturar og forventningar. Desse ideologikritiske perspektiva er det mest verdifulle med denne boka. Saman med teori og refleksjonar over den moderne mediekvardagen vert vi godt rusta til å utforske tekst i kontekst saman med elevane.

Som dei andre bøkene i Å studere-serien har også denne tips til vidare lesing etter kvart kapittel, og oppgåver til sjølvstudium, som lett kan tilpassast elevane. På tide å pusse støv av adaptasjonsstudiet! .

For LNUs bokredaksjon

Irene Brendehaug

Avbestillingsfrist: 29 august

Sendes ut: ca. 5. september





Print Friendly and PDF
Mathisen: "Det er ikke kjærlighet. Det er sperm!". Tenåringsgraviditet i tre norske ungdomsromanar

Mathisen: "Det er ikke kjærlighet. Det er sperm!". Tenåringsgraviditet i tre norske ungdomsromanar