Norsklæraren 4-21

Norsklæraren 4-21

Treng norskfaget yrkesfagseleven?

«Hvorfor må jeg lære dette, jeg skal jo jobbe som snekker, ikke lese bøker», «Hva skal en tømrer med diktanalyse?» Har vi ikkje høyrt det før? Dei parodiske formuleringane der likninga «yrkesfagselev + norskfaget» alltid blir «= usant». Men i staden for å heile tida tenkje på kva yrkesfagseleven skal med norskfaget, kan vi snu om på det: Kva skal eigentleg norskfaget med yrkesfagseleven?  Etter å ha lese og arbeidd med artiklane i denne utgåva av Norsklæraren sit eg att med desse svara:

Yrkesfagseleven viser lærarar kor viktig det er å skape ei relevant norskundervisning. I artikkelen «Hæ, Minecraft i norsk, ærre mulig?!?» skriv Linn-Katrin Vestly om ei byggklasse ho hadde. I ekte Elias Rukla-stil innsåg ho at norskfaget ikkje fenga. Ungdommane satt der med glassblikk og kunne ikkje brydd seg mindre om undervisninga. I staden for å øydelegge paraplyen sin i drikkefonta i skulegården, bestemde Vestly seg for at ho måtte endre seg. Ho måtte endre undervisinga si og gjere henne meir relevant for elevane. Ho lærde seg derfor Minecraft og sette i gang eit stort tverrfagleg byggeprosjekt der elevane fekk arbeide med eit spel og fag (bygg) dei sjølve var interesserte i. Norskfaglege kompetansar blei smugla inn i større og mindre rapportar og skildringar elevane måtte skrive.

Yrkesfagseleven viser kor viktig det er å (av og til) snu om på rollene i klasserommet. Eit konkret døme på dette kan du lese om i Camilla Bruu Næsmos artikkel «Til deg som skal undervise på yrkesfag». Her skriv ho mellom anna om då ho tok på seg verneutstyr og møtte opp på verkstaden hos elevane sine. Dei instruerte og rettleia ho slik at ho klarte å sveise si eiga metallrose. Elevane humra og rista på hovudet då norsklæraren fomla med fagord og ikkje forstod instruksjonane. Eit slikt rollebytte er ikkje berre med på å betre elev-lærar-relasjonen, det kan også gi ei betre forståing og respekt for kva eit fag faktisk er.  Å sjå norsklæraren streve med eit fag ein sjølv meistrar, kan gi betre forståing av kva til dømes diktanalyse er – eit sett med instruksjonar og faglege omgrep for å meistre ei konkret oppgåve.

Yrkesfagseleven tvingar norsklærarar til å legitimere kva nytte norskfaget har. Den parodiske avvisinga av norskfaget handlar ofte om diktanalyse eller kva nytte røyrleggarar har av kjennskap til barokke dikt. Men norskfaget er jo så mykje meir enn dette. Mona Mikaelsen skriv i denne utgåva av Norsklæraren om spriket mellom danning og nytte. Ho argumenterer og viser korleis og kvifor tekstskaping i yrkesfagleg norsk er både viktig – både i eit dannings- og nytteperspektiv.


Som norsklærar på studiespesialiserande linje, har eg mykje å lære av korleis lærarar for yrkesfaglege elevar planlegg undervising og legitimerer norskfagets rolle i skulen. Eg trur det studiespesialiserande norskfaget med vekt på drøftande fagartiklar og akademisk skriving har mykje å lære av ei meir konkret og leiken tilnærming til faget. Norsk bør ikkje berre vere førebuing til akademisk skriving på høgskule og universitet, det skal også vere eit identitetsfag og eit fag der ein kan få utforske bredda i det handverket som skriftleg og munnleg tekstskaping er.

 

God lesing!

Redaktør Jorunn Øveland Nyhus

Print Friendly and PDF
Aa: Grammatikkdidaktikk på grammatikkfeltets grunn

Aa: Grammatikkdidaktikk på grammatikkfeltets grunn

PROGRAM, LNU-KONFERANSEN 2022: Tel denne, da? Om vurdering i det fornya norskfaget (stud.)