Norsklæraren 2-23

Norsklæraren 2-23

«Skatten, døden og hovedmålseksamen»

Det er vanskeleg å konsentrere seg om å skrive leiar i dag. Det er 22. mai, og merksemda mi blir stadig trekt mot nettavisene. Dei melder om nettproblem og kaos i avviklinga av norsk hovudmålseksamen. Eit stort fleirtal av elevane fekk ikkje logga seg inn på den digitale eksamensløysinga før det hadde gått nesten halvannan time av eksamenstida. For fleire, blant anna i Møre og Romsdal, fortsette problema slik at eksamen blei avlyst. Eg les at Viken fylkeskommune vil be Utdanningsdirektoratet om at eksamen blir annullert. Eg les artiklar om skuffa elevar, sinte lærarar og fortvila rektorar. Eg skrollar i Facebook-feeden min. Tidlegare redaktør i Norsklæraren Ola-Matti Mittigaard skriv: «Skatten, døden og hovedmålseksamen har vært sikre størrelser. Den siste er nå truet av digitale løsninger som ikke fungerer. Respektløst overfor elevene. For et kaos i dag. Fy!». Eg kan ikkje anna enn å seie meg einig. Heilt einig.

For kva har skjedd med «sikre størrelser» i skulen og norskfaget? I forkant av eksamen skreiv over 1000 norsklærarar under på eit opprop mot Udirs heildigitale eksamensløysing. Norsklærarar reagerer på at elevar ikkje får tildelt oppgåver og tekstvedlegg på papir, men må skrive og lese all tekst på PC-ane sine, trass i at erfaring og forsking viser at elevar faktisk les betre på papir. LNU fekk publisert eit innlegg i Aftenposten med tittelen «Heldigital eksamen i norsk er en dårlig idé». Dagen i dag har vist at LNU og alle andre som åtvara på førehand, fekk rett. Dessverre.

I norsklærargrupper på Facebook og i norsklærarkrinsar blir det snakka med utestemme i dag. Folk er svært frustrerte. Er kaos på eksamensdagen den vidgjetne dropen? Vi er mange som kjenner på ein enorm frustrasjon over at «sikre størrelser» er i flyt. Då språkroboten ChatGPT blei lansert, åtvara fleire lærarar og LNU om kva konsekvensar dette kunne få for den sjølvstendige skrivinga. Fleire er også kritiske til at stadig færre elevar har tilgang til fysiske læremiddel.

Det veldige engasjementet blant norsklærarane trur eg også skuldast ein djup frustrasjon over ein vaksande avstand mellom dei som bestemmer og dei som står i klasserommet. Gjennomgåande blir lærarar bedne om å møte utfordringar som ChatGPT med «nysgjerrighet», og berre vi er «bevisste på måten vi bruker den på», vil det nok gå fint. Er du kritisk til digitalisering, er du teknologisinke. Meiner du at heildigital eksamen er ein dårlig idé, gjer du ikkje jobben din med å førebu elevane til eit heildigitalt arbeidsliv (finst det, forresten?).

Mykje av frustrasjonen botnar i ei uro for at det blir for store skilnader i rammevilkåra til elevane. Kva skjer om elevar på ein skule blir oppfordra og opplært i å bruke språkrobotar aktivt i skrivinga si, medan andre elevar blir tatt i juks om dei gjer det same? Og til eksamen: Det er eit problem om nokre elever får oppgåver og vedlegg skrivne ut, andre ikkje, nokon må vente ein time, andre tre før dei kan logge seg inn i eksamensløysinga.  Og det er frustrerande at dei som legg viktige premiss for elevane, ikkje lyttar til det lærarar åtvarar om.  Og då blir det bråk – like sikkert som at skatten kjem kvart år og at døden er absolutt.

Redaktør Jorunn Øveland Nyhus

 

 

 

 

Print Friendly and PDF
Lorentzen: Fagspesifikt og tverrfaglig på samme tid: skriving på norskfagets premisser i et tverrfaglig undervisningsforløp

Lorentzen: Fagspesifikt og tverrfaglig på samme tid: skriving på norskfagets premisser i et tverrfaglig undervisningsforløp

Brev til Stortingets forsknings- og utdanningskomité