Siste artikler

Norskbokklubben

2019. 101 digitale grep – en didaktikk for profesjonsfaglig digital kompetanse

2019. 101 digitale grep – en didaktikk for profesjonsfaglig digital kompetanse

101-digitale-grep-forsiden-970x1369.jpg

101 digitale grep kombinerer djuptgåande fagartiklar med 101 praktiske tips om korleis ein kan jobbe med digitale reiskapar i lærarkvardagen. Her er det tips som kan gå rett inn i norskundervisninga, men sidan den profesjonsfaglege digitale kompetansen vår kan brukast i alle fag, er det mange tips som også kan overførast til andre fag, og ikkje minst frå andre fag.

I første del finn vi ein oversiktsartikkel om kva «profesjonsfagleg digital kompetanse» kan dreie seg om frå eit utdanningspolitisk perspektiv, før vi går litt djupare inn i materien for å finne ut om digital kompetanse i det heile kan late seg måle. Så går vi inn i den meir mørke materien, idet Marte Blikstad-Balas ser nærare på utfordringane den digitale teknologien kan føre med seg i klasserommet. Ho set ord på dei tankane mange har gjort seg i møte med denne teknologien, men i tillegg peikar ho også på løysingar, noko som truleg er tiltrekkande for dei fleste av oss.

I dei 101 grepa er det mykje spanande å finne. Til dømes kan tipset om å lage opptak av fossekallen i naturfag like godt brukast til å lage høyrespel av eit Fosse-stykke i norsk. Her finst fleire gode råd om digital kjeldekritikk, tips om å lage digitale trailerar til bøker, om å lage nye undertekstar til kjente filmklassikarar, fagpodkastar, repetisjons-Jeopardy og omgrepslæring gjennom Quizlet, for å nemne noko.

(Utdrag frå medlemsbrev 3-2019, skrive for bokredaksjonen i LNU av Irene Brendehaug)

Medlemspris: kr 345, – (Ord. pris kr 429,-).

Avbestillingsfrist: 20. mai 2019

Print Friendly and PDF
Kurstilbud: Grammatikk og grammatikkundervisning

Kurstilbud: Grammatikk og grammatikkundervisning