LNU-kurs: Djupnelæring i teori og praksis

Bilde av Jorunn og Astrid.png

Kurshaldarar

Jorunn Øveland Nyhus er lektor i norsk ved Hartvig Nissens skole i Oslo. Ho er redaktør i Norsklæraren og medforfattar av læreverket Intertekst. I 2020 gav ho ut fagboka Dypt og grunnleggende norskfaglig: Dybdelæring i teori og praksis (Fagbokforlaget) med kollega Astrid Syse Talsethagen.

Astrid Syse Talsethagen er lektor i norsk og engelsk ved Hartvig Nissens skole i Oslo. Ho er også fagkoordinator i norsk ved skulen. I 2020 gav ho ut fagboka Dypt og grunnleggende norskfaglig: Dybdelæring i teori og praksis (Fagbokforlaget) med kollega Jorunn Øveland Nyhus.

Kva er eigentleg djupnelæring? Og korleis ser djupnelæring ut i klasserommet? Svar på spørsmåla får du i dette kurset, som består av tre delar:

Del 1: Kva ligg i omgrepet «djupnelæring»? Vi går gjennom ulike definisjonar på djupnelæring i styringsdokument og faglitteratur. Til slutt presenterer vi ei liste over ti punkt som kjenneteiknar djupnelæring.

Del 2: Frå passive tilskodarar til aktive utforskarar: Kan arbeid med læringssirkelen gi djupare læring hos elevane? I denne delen av kurset viser vi korleis ein læringssirkel kan erstatte tradisjonelle periodeplanar. Gjennom konkrete døme frå klasserommet vil vi argumentere for at læringssirkelen bidreg til at elevane «lærer å lære», noko som er eit sentralt mål i djupnelæring.

Vi avsluttar denne delen av kurset med at kursdeltakarane arbeider med konkret bruk av læringssirkelen.  

Del 3: Utforsking i undervisning og vurdering. I denne delen av kurset viser vi konkrete døme på korleis ein kan arbeide utforskande med språk og litteratur. Vi legg særleg vekt på vegar inn i fagstoffet og korleis ein kan skape betre samanheng mellom elevens verd og norskfaget.

Vi legg opp til diskusjon og gruppearbeid undervegs.

Det praktiske:

  • Spørsmål om kurs kan sendast på e-post til dagleg leiar i LNU, Siv Sørås Valand: siv@norskundervisning.no

  • Kurset varer i seks timer, inkludert pauser

  • Kurshaldarane kan tilpasse kurset etter størrelse på gruppa eller etter klassetrinn/studieretning

  • Lokale: Rom til både forelesing og gruppearbeid er nødvendig

  • Kurset kostar kr. 11.000,-. LNU dekker utgifter til opphald for kurshaldar. Reiseutgifter blir delt likt mellom LNU og kursbestillar, men med maksgrense på kr. 3000,- for kursbestillar.

  • Spørsmål om kurs kan sendes på e-post til daglig leder i LNU, Siv Sørås Valand: siv@norskundervisning.no

Print Friendly and PDF
Til minne om Frøydis Hertzberg

Til minne om Frøydis Hertzberg

LNU-kurs: NB! Utsolgt både vår og høst 2022. Temainnganger til norskfaget

LNU-kurs: NB! Utsolgt både vår og høst 2022. Temainnganger til norskfaget