Ny bok i Norskbokklubben: Samisk i norskfaget - fra plan til praksis

Samisk kultur, språk og historie har ein tydeleg plass i læreplanane i den norske skulen – særleg i overordna del, men òg i dei ulike faga. I norskfaget har kunnskap om samisk sin naturlege plass, gjennom heile opplæringsløpet. Men kunnskapen om det samiske har kanskje vanta ein like tydeleg og naturleg plass i utdanninga til norsklærarane? Dette kompetansegapet kan ha gjeve arbeidet med samisk mindre plass i norsklærarane sine klasserom, så med fare for å alludere ein reklame: Endeleg er den her – Samisk i norskfaget! Vi i bokredaksjonen i LNU har lenge ønska oss denne boka, og det trur vi ikkje at vi er åleine om.

Samisk i norskfaget gjev ei innføring i dei samiske språka og språk- og kulturhistoria – lettfatteleg og norskfagsretta – og kjem samstundes med konkrete og gode råd til korleis vi kan gjere samisk til ein naturleg del av undervisninga. Desse råda kan alle elevar nyte godt av, uavhengig av om dei bur i eller langt frå dei samiske kjerneområda, og om dei har eitt eller fleire morsmål. Samisk i norskfaget tek tydeleg utgangspunkt i LK20, og slik er ho interessant å lese utan å ha fokus på det samiske også: Forfattarane legg stor vekt på å oppmode norsklærarar om å jobbe med læreplanen som ein heilskap, og knyte elementa i norskfaget saman, kanskje i større grad enn vi har gjort før. Slik får arbeid med samisk eit like sjølvsagt rom i norskfaget som andre emne, ikkje berre fordi eit kompetansemål eller to seier oss at vi skal jobbe med det, men fordi vi veit at det er ein god måte å jobbe med kjerneelementa på.

Kjerneelementa får strukturere innhaldet i boka. Til dømes får vi, i tillegg til konkret informasjon om uttalen av dei samiske språka, tips til korleis vi kan jobbe med munnleg kommunikasjon. Slik blir vi stimulert til å jobbe med lyttedelen av munnleg kommunikasjon med ein større overbygnad, i same slengen som vi får styrka kompetansen vår i uttale av samiske stadnamn (eit kompetansemål for sjuande trinn i norsklæreplanen). Den same kombinasjonen av konkret lærdom om samisk språk og kultur og nytenkande råd til korleis ein kan jobbe med kjerneelementa som heilskap, er i alle kapitla. Det inspirerer til eit nytt blikk på norskfaget og meir arbeid med samisk!

For bokredaksjonen i LNU
Irene Brendehaug

Avbestillingsfrist er 29. november.

Print Friendly and PDF

LNU-konferansen 2023: Nordiske nøkler - Norden som inngang til fagfornyede, norskfaglige rom

Utvikling av elevers revisjonskompetanse NB! Kurset er utsolgt i 2023