Kvinne eller mann? Har det noko å seie for samtalen i det offentlege rommet?



Karianne Bjellås Gilje tek i kronikken Mennesket
spesial
(Dagbladet 14. 10.11) opp korleis media omtalar aktuelle personar
(her fredsprisvinnarane) og spesifiserer kjønn når det er snakk om kvinner, men
ikkje når det gjeld menn. Torgrim Eggen tek opp ein liknande problematikk i
kronikken  Menn som
hater kvinner
(VG 02. 10.12), der han viser korleis kvinnelege
nettdebattantar blir møtt kontra mannlege.

Bruk tekstane som utgangspunkt for planlagt diskusjon i elevgruppa. Vel ein
ordstyrar som skal styre samtalen på tid. Gutane i elevgruppa skal spele
jenter, jentene skal spele gutar. Kvar gruppe skal trekkje ut fleire poeng frå
kronikkane som ordstyrar skal bruke til å styre samtalen. Gruppene skal
argumentere mot kvarandre etter å ha hatt kvart sitt innleiande innlegg.

Denne arrangerte samtalen trener munnlege ferdigheiter og kan brukast på fleire
trinn. Ved å tildele alle elevane lik framføringstid, slepp alle til (og ein
kan bruke samtalen som grunnlag for vurdering). Ein oppfyller òg fleire punkt i
den generelle læreplanen. Ved å innta det motsette kjønnet si rolle, blir
elevane kanskje meir merksame på kva haldningar som ligg nedfelt i oss.