LNU-konferansen 2019



«Kontekst, takk! Frå tidslinjas tvangstrøye til inspirerandre innrammingar?». LNU- konferansen 2019 finn stad på Fornebu utanfor Oslo den 22. – 23. mars 2019.  Det skal handle om det nye kjerneelementet «tekst i kontekst», og hit kjem Gunnhild Kvåle, Mads Claudi, Sveinung Norstoga, Jørgen Sejersted og mange fleire.

Kontekstomgrepet i norskfaget er mangfaldig. Det inkluderer mellom anna lesaren sin kontekst, kulturkontekst, intertekstuell kontekst, tematisk kontekst og litteraturhistorisk kontekst.

Har vi i for stor grad lese tekstar som døme på litteraturhistoriske straumar og idear? Kan «tekst i kontekst» i større grad invitere til at teksten står i sentrum? Tapar vi noko om vi tonar ned kronologien og litteraturhistoria? Kva kan vi vinne på å introdusere elevane for fleire kontekstuelle rammer?

LNU-konferansen 2019 utforskar korleis vi kan forstå det nye kjerneelementet «tekst i kontekst».

Vi kjem snart med meire informasjon om programmet, men merk deg dato og stad allereie no! Vi startar påmeldinga i slutten av november.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *