LNU-prisen 2017 gjekk til Tone Vindegg



Det var ein stolt, rørt og overraska prisvinnar som laurdag 18.3.17 fekk LNU-prisen under Landslaget for norskundervisnings landskonferanse i Stavanger. Sjølv seier ho at ho arbeider i kryssingspunktet der fag og politikk møtest, og at ho gjennom dialogen med om lag 800 sensorar i året utviklar eit norskfagleg  tolkingsfellesskap som er viktig. Det er styret i LNU som deler ut prisen, og det er fjerde gongen det skjer. I år hadde LNU-styret fått forslag til fleire gode kandidatar, men det var altså ein som særleg utmerka seg, ifølgje LNU-styret. Under er grunngjevinga for prisvinnar Tone Vindegg. Ho får først og fremst prisen fordi ho er «ein person som har betydd mykje for utviklinga av norskfaget»,  som er ein av grunnane til at ein kan få LNU-prisen. Prisen var i år eit litografi av Gunn Vottestad.

LNU-prisen 2017. Tone Vindegg

Foto: Ola-Matti Mittigard. Tone Vindegg med styreleiar i LNU, Karianne Skovholt, som delte ut LNU-prisen på LNUs landskonferanse i Stavanger.

Her kan du lese meir om prisen og tidlegare vinnarar:http://www.norskundervisning.no/ukategorisert/2016/10/lnu-prisen-2017-send-inn-forslag/

 

Siste utgave av Norsklæreren

Norsklæreren #1-18

I årets første nummer kan du lese en oppsummering av bokåret av Kristian Wiese. Du kan lese om katastrofe-litteratur i skolen av Samiolow. Hvor ble...

Siste utgivelse i Norskbokklubben

Norskfaget mellom fortid og framtid – scene og offentlighet

Hva skal kjennetegne framtidas norskfag? I denne perspektivutvidende boka diskuterer Jon Smidt fagets muligheter og verdi. Didaktiske refleksjoner er ...