LNUs prinsipprogram

Les mer om hva LNU står for

  1. Formålsparagraf: Landslaget for norskundervisning (LNU) vil arbeide for å styrkje norskfaget på alle undervisningssteg frå barnehage til universitet, og for å dyrke det norske språket utanom undervisningssystemet.
  2. LNU er ei ideell foreining som har som mål å organisere flest mogleg av dei som underviser i norsk eller har norskfagleg utdanning. LNU er målpolitisk og fagpolitisk ubunde.
  3. LNUs viktigaste inntektskjelder er medlemskontingent og offentleg støtte av ulike slag. LNU forpliktar seg til ei sunn økonomisk drift.
  4. LNU ønskjer å vere ein pådrivar til debatt om norskfaglege emne både i undervisningssektoren og i samfunnet elles, og ein vaktar som ser til at det faglege arbeidet går føre seg i forsvarlege former. Undervisning, eksamen, læremiddel og læreplanar er difor emne laget vil arbeide med kontinuerleg.
  5. LNU er ein landsomfattande organisasjon som kvart år forpliktar seg til å gi medlemmene eit fagleg (etterutdannings)tilbod i form av seminar og konferansar. I tillegg til dette ønskjer LNU å støtte lokal kurs- og seminarverksemd som fremjar formålet med laget og som er open for medlemmene.
  6. Norskfaget er ein mangfaldig heilskap. LNU vil arbeide for dei tradisjonelle verdiane faget står for, men òg for at faget vert tilpassa den moderne tida og fornya i samsvar med utviklinga innafor relevante forskingsdisiplinar. Det er eit mål å få samkøyrt fagplanane på dei ulike nivåa i undervisningsverket, slik at moglege samanhengar i faget kjem fram og at progresjonen i undervisninga vert sikra.
  7. LNU forpliktar seg til å fore myndigheitene med fagleg tufta argument til bruk i den nasjonale språk- og undervisningspolitikken. LNU vil synleggjere utviklinga i norskfaget og arbeide for auka ressursar til fagområdet.
  8. LNU ønskjer å samarbeide med likesinna organisasjonar i inn- og utland, primært i Norden, og å arbeide for auka forståing av grannespråka. LNU vil styrkje norsk som andrespråk og støtte opp om morsmålsundervisninga i ulike minoritetsspråk. Laget har full respekt for samisk som nasjonalspråk.
  9. LNU har ein eigen skriftserie som består av fagleg-pedagogiske bøker for lærarar og lærarstudentar på alle undervisningssteg. Bøkene kjem ut i Norskbokklubben
  10. LNU gir ut tidsskriftet Norsklæraren. Bladet er både eit medlemsblad og eit fagtidsskrift med debatt- og etterutdanningsfunksjon.

 

Siste utgave av Norsklæreren

Norsklæraren #2-17

Konferansenummeret. Les tekster av Laila Aase, Ola Harstad, Synnøve Matre med flere....

Siste utgivelse i Norskbokklubben

Samtidslyrikk i klasserommet

Hvordan får vi elever til å jobbe entusiastisk med samtidslyrikk i klasserommet? En urealistisk målsetting? Ikke for Kjersti Rognes Solbu og Jon Op...