LNUs lover

§ 1) Medlemskap

–       Alle som arbeider med norsk, har norskfagleg utdanning eller held på med utdanning, kan vere medlemmer i LNU.
–       Institusjonar kan teikne medlemskap.
–       Ein vert medlem ved å betale medlemskontingent.
–       Institusjonar betaler dobbel kontingent.
–       Studentar betaler halv kontingent.
–       Ektepar/sambuarar betaler ein kontingent, mottar eitt blad, men har elles fulle medlemsrettar kvar for seg.

§ 2) Lokal- og fylkeslag
Medlemmer av LNU kan skipe lokal- og fylkeslag. Desse kan lage eigne lover, men må binde seg til LNUs formålsparagraf.

§ 3) Tidsskriftet
LNU gir ut tidsskriftet Norsklæraren. Medlemmene får dette som ein del av medlemskapen.

 § 4) Norskbokklubben
– LNU sin skriftserie består av norskfaglege bøker, som kjem ut i Norskboklubben. Berre LNU-medlemmer har høve til å vere medlem av denne. Det er gratis å vere medlem, ein får solid rabatt, full returrett og inga plikt til å kjøpe.

§5) Styringsorgan og organisasjon
–       Styret i LNU er sett saman av leiar, nestleiar og tre styremedlemmer. Det er to varamedlemmer til styret. Dei er ikkje personlege varamedlemmer. Nestleiaren er vara for leiaren. Det skal aldri sitje færre enn to kvinner/menn i styret, og alle medlemmene skal ikkje kome frå det same skoleslaget eller det same geografiske området. Leiar, styremedlemmer og varamedlemmer vert valde for to år om gongen, og slik at ikkje alle er på val til same tid. Dagleg leiar, redaktøren av Norsklæraren og leiaren i skriftstyret møter på styremøta med tale- og forslagsrett.
–       Skriftstyret er sett saman av leiar og tre medlemmer. Skriftstyret er fagleg ansvarleg for å gi ut bøkene i skriftserien. Skriftstyret representerer LNU overfor forlag,  forfattarar og redaktørar. Begge kjønn skal vere representert i skriftstyret. Både leiar og medlemmer har normalt vervet i fire år, men utskifting må skje på ein slik måte at ikkje alle medlemmene vert skifta ut på same tid. Styret peikar ut skriftstyreleiaren. Skriftstyret/skriftstyreleiaren kjem med framlegg til nye medlemmer.
– Dagleg leiar tar seg av den dagleg drifta av laget i nær kontakt med styret. Dagleg leiar rapporterer til styret og følgjer opp styrevedtak.  Styret tilset dagleg leiar.
–       Redaktøren for Norsklæraren er tilsett i halv stilling og står ansvarleg for tidsskriftet. Styret lyser ut stillinga og tilset redaktøren. Redaktøren kan knytte til seg redaksjonsmedlemmer som skal godkjennast av styret. Styret godkjenner nødvendige avtalar om produksjon og distribusjon av bladet.
–       Styret peikar ut dei som til ei kvar tid skal representere LNU i ulike råd, utval og samarbeidsorgan.
–       LNUs valnemnd er sett saman av tre personar, ein leiar og to medlemmer, som alle er valde for eitt år om gongen.

§ 6) Nordisk samarbeid
LNU samarbeider med dei andre morsmåls- og andrespråkslærarorganisasjonane i Norden gjennom organisasjonen Nordspråk. Styret vel ein Nordspråk-representant med særleg ansvar for dette samarbeidet.

§7) Årsmøtet
–       Årsmøtet er LNUs høgste organ.
–       Årsmøtet skal haldast kvart år, som regel i samband med landsseminaret tidleg på året.
–       Ekstraordinært årsmøte kan haldast etter vedtak av årsmøtet, etter styrevedtak eller om 1/3 av medlemmene krev det.
–       Styret fastset tid, stad og saksliste for årsmøtet. Sakslista skal kunngjerast i på nettstaden til LNU seinast ein månad før årsmøtet. Saker som er innmelde i god tid før årsmøtet, men som styret ikkje har ført opp på sakslista, kan etter vedtak på årsmøtet likevel bli handsama på møtet.
–       Årsmøtet er ope for alle medlemmer. Alle som har betalt kontingent, har røysterett. Institusjonar har ei røyst.
–       Årsmøtet gjer vedtak om årsmelding, rekneskap, budsjett, arbeidsprogram, lover, føresegner og kontingent, og avgjer saker som vert lagde fram.
–       Årsmøtet vel styret. Leiar skal alltid veljast særskilt. Årsmøtet vel vidare revisor og valnemnd. Vala skal vere skriftleg om ein eller fleire medlemmer krev det.

§ 8) Lovendring
Styret må ta forslag til lovendring med på sakslista for årsmøtet. Lovendringsforslag frå medlemmer må vere innmelde til styret seinast tre månader før årsmøtet. Lovendringar krev simpelt fleirtal, medan endringar av prinsipprogrammet krev 2/3 fleirtal.

Siste utgave av Norsklæreren

Norsklæraren #2-17

Konferansenummeret. Les tekster av Laila Aase, Ola Harstad, Synnøve Matre med flere....

Siste utgivelse i Norskbokklubben

Samtidslyrikk i klasserommet

Hvordan får vi elever til å jobbe entusiastisk med samtidslyrikk i klasserommet? En urealistisk målsetting? Ikke for Kjersti Rognes Solbu og Jon Op...