Tid (Solhjells innlegg)
Tid er ein knapp ressurs. I livet, og i skulen. I skulen er ikkje minst lærarane si tid ein knapp ressurs som vi må forvalte godt.
For ei tid sidan sette eg ned det såkalla tidsbrukutvalet. Utvalet skulle levere innstillinga si i august, men ba om å få meir tid (?!) og skal levere rundt nyttår. Utvalet skal vurderer tiltak for å rydde tid til kjerneoppgåvene for lærarane; Førebuing, undervisning og oppfølging.
Eg møter mange lærarar og leiarar på ulike nivå i skulen som har meiningar om dette. Ikkje minst lektorar og lærarar som underviser i norsk. Norskfaget er spesielt. Det er det største skulefaget, med stor rettebyrde og mykje å vurdere. Det er grunnleggande for all læring i andre fag.
Vi treng å rekruttere dyktige menneske til faget - og vi må halde på dei. Eg trur det kan ligge nokre særlege utfordringar knytt til norskfaget og tidsbruk. Eg vil gjerne ha innspel og synspunkt på det, her på bloggen, på min eigen www.bardvegar.no eller på mail.
Bård Vegar Solhjell