Om overgangen mellom PPU og lærarkvardagen
I utdanninga mi hende det at førelesarar gjerne, nærast på trugande vis, refererte til ”den verkelege verda” – ”der ute” – som noko vesentleg anna enn studentverda. Utdanninga har sine grenser: Ho kan ikkje førebu studentar på alt. Det er etter mi meining heller ikkje særleg føremålstenleg å krevje at ei utdanning, ei teoretisk og metodisk førebuing på ein praktisk kvardag, skal kunne romme alt. Å kritisere utdanning for å vere teoretisk, er på sett og vis å kritisere utdanning for å vere utdanning.
I PPU-året leste og drøfta eg pedagogikk og fagdidaktikk med faglærarar, praksisrettleiarar og medstudentar. Her lærte eg kor viktig det er å alltid sjå på dei didaktiske hovudspørsmåla kva, korleis og kvifor. Året etter var eg lektor i skulen. Her fekk danningsideala som stod så sentralt ved UiBs PPU, eit skin av livsfjern idealisme: Tida eg skulle ha til å førebu meg eller rettleie elevar, gjekk gjerne med til administrasjonsarbeid og møter, til retting og karaktersetjing. Eg opplevde med andre ord eit gap mellom utdanning og yrke, og eg trur ikkje at eg er den einaste som har den erfaringa.
Kanskje er dette noko som rammar nye i yrket ekstra hardt. Ønsket om å rettleie druknar i tida det tek å vurdere. Ønsket om å oppdatere seg fagleg vert kyvd i kvardagsjaget frå time til time. For ein som er ny i jobb, vert dette ikkje så lite av eit illusjonsbrot. Den teoretiske refleksjonen som ein har med seg frå PPU, er det sjeldan mogeleg å gjennomføre som norsklærar. Lovverk og læreplan krev eit oversyn som arbeidssituasjonen ofte eigentleg ikkje tillet, men som utdanninga langt på veg har rusta lærarane til å kunne meistre. Kva skjer då med danningsperspektivet over tid? Og kva skjer med den faglege gløden og formidlingsgleda lærarar har? Skulen mister gode lærekrefter, anten det skjer ved at lærarar sluttar å arbeide i skuleverket eller ved at dei ikkje får drive undervisning i pakt med dei faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar og innsikter dei har. Eg er redd for at det er dei lange linene i utdanninga som først vert ofra på kvardagens alter, godt støtta av ei skuleorganisering som krev best mogeleg resultat for minst mogeleg ressursar.
LNU: Har du opplevd praksissjokket og har tankar om korleis overgangen kan bli lettare for nyutdanna norsklærarar? Bør lærarutdanninga på universitetet bli meir praksisnær, eller har vi fått ein skule som ikkje gir rom for å fokusere på dei store didaktiske linene? Del idear og innspel i kommentarfeltet under.
Hjelp meg å tenke nytt om lærerutdanninga!

Som mange vet, skal lærerutdanninga for grunnskolen ganske snart legges om, og denne gangen er det ikke snakk om krusninger på overflaten! Studenter må nå velge om de vil utdanne seg til lærer for 1.-7. trinn eller 5.-10. trinn. Det betyr at planer nå må nylages (og nytenkes!) for disse to løpene. Som norsklærerutdanner (ved Universitetet i Agder) er det spennende for meg å ha blitt oppnevnt som medlem i den gruppa som skal lage den nye nasjonale rammeplanen i norskfaget til disse nye utdanningene. Til nå har vi jobba mest med overordnet struktur på studiene, men nå er tida inne for å tenke faglig innhold!
Fra mitt ståsted vet jeg allerede en hel del om hva jeg vil mene om saken, men her fins det andre relevante ståsted også. Kanskje du står på nettopp ett av dem? i så fall ber jeg om at du hjelper meg å tenke. Gitt at en nasjonal rammeplan for norsklærerutdanninga a) skal sikre en noenlunde enhetlig utdanning landet rundt og b) skal indikere hvilke faglige innholdsmomenter alle studenter bør innom: Hva bør da stå i en slik plan?
Her er vårt mandat: Vi skal lage to halvårsstudier i norsk (30 + 30 studiepoeng) for 1-7-løpet, der de første 30 poengene skal være obligatoriske for alle studenter. Så skal vi lage en tilsvarende 30 + 30-pakke for 5-10-løpet. Her er ingen ting obligatorisk (for i dette løpet velger studenter fagkombinasjonen sin svært fritt). Men velger de først norsk, må de ta alle 60 studiepoengene.
Derfor, alle norsklærere, norskstudenter og norskelever: Blogg i vei og gi meg tips om hva framtidige norsklærere bør lære! Jeg vil både ha forslag til emner og til plassering innen de ulike løpene. Læreplanen i norsk etter Kunnskapsløftet er selvsagt en viktig premiss, men vi må også tenke litt videre enn bare til den læreplanen som gjelder nå. Her skal faget vårt i fokus. Kan vi klare å lage tidenes beste lærerutdanning denne gangen?
Vennlig hilsen
Jan K. Hognestad
Bilde: FlickrCC